Inspirasjonssanking frå sofaen

Så utruleg irriterande å vere forkjøla, plingplong i hovudet, og ikkje orke anna enn å sitte i sofaen og glane, i beste fall strikke littegrann, når det eigentleg er ein masse ting eg kunne tenkt meg å lage! Som for eksempel denne lappekorga eg såg hos Erleperle, og drista meg til å stjele bildet frå…Eg kunne brukt opp ein del restelappar på ei slik. Kanskje ikkje fargane mine ville harmonert like godt, men den kunne sikkert blitt brukt til eit kvart. Eg ser for meg ei litt lav ei, til å ha telys i. Og ei litt vid som kunne brukast som brødkorg. Julegåveide, kanskje? Men det blir ikkje i dag. I dag gjer eg ikkje det slag.

DSC_0402

Forresten: i går følte eg meg  plutseleg nokså frisk og ivra meg i gang med litt baking og greier. Muuulig eg skulle tatt det litt meir med ro, men det blei iallefall gode muffins…Eg kan anbefale Ganske sunne muffins frå Pickles sitt store muffinsutval. Enkle å lage, og kjempegode.

Advertisements

4 Responses to “Inspirasjonssanking frå sofaen”


  1. 1 Jannike 17/09/2009 ved 19:18

    God bedring!!!
    Forøvrig enig med deg: Den kurven var kjempefin!!!!

  2. 2 Liveterheeerlig 17/09/2009 ved 19:19

    Wow!
    Så utrolig bra at du la igjen et spor hos meg, for nå har jeg kost meg skikkelig med bloggen din 🙂
    Fikk lyst å sette meg ned bak symaskinen med en gang… Redesign på kjolen fra din farmor ble fantastisk flott!
    Og knekkebrød oppskriften skal jeg jammen prøve meg på så fort jeg har litt tid til overs. Elsker å bake 🙂
    Håper det er greit at jeg legger deg til i favorittlisten min, for jeg har lyst å følge deg videre hurra
    Ha en strålende kveld
    *Siv*

  3. 3 Heidi 19/09/2009 ved 00:01

    God bedring! Godt å sjå at du nyttar tida til litt «fornuftig». Ikkje dumme desse korgene,.. kan bli mange artige variantar av sånne…

  4. 4 Frk Maya 19/09/2009 ved 18:05

    Skjønner godt du blir inspirert, for den kurven var meget stilig! Håper du blir frisk snart. Ikke noe moro å gå slik. Kjenner jeg har litt vondt i halsen selv, og håper det bare er forbigående.

    Maya


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: