Frøken Løken har fått ny bukse

barnehagebukse frøkenløken

Etter at eg publiserte barnehagehyttetursofakosebuksa for ein månad sidan, fekk eg ei bestilling på ei liknande bukse. Frøken Løken er også barnehagejente, og då treng ein jo kle som er gode å leike i. Mamman ville gjerne ha biltrykk på foten og ribb i midje og fot, men gjerne i grønt eller raudt. Eg gjekk for grønt, då det ligg mitt hjerte nær. Den nyinnkjøpte grøne tekstilmalinga mi viste seg å vere noko meir gul enn eg hadde førestilt meg, men handelen gjekk visst i boks likevel 😉 Etter å ha sydd to bukser av det grå stoffet var det att ein rest som var akkurat passe til å bli ei hue, så då lagde eg liksågodt ei hue med bil på i håp om at storebroren til Frøken Løken kunne bruke den. Og det gjer han sovidt eg veit?

Og sidan det er så kjekt å lage barnehagebukser har eg vore ein tur innom stoff og stil og kjøpt meir deilig joggebuksestoff, både einsfarga og med pingvinar på (!), så det dukkar nok opp fleire bukser her etter kvart.

Jerseyhue m bil

Advertisements

3 Responses to “Frøken Løken har fått ny bukse”


  1. 1 Jannike 16/09/2009 ved 18:10

    Heldige frøken Løken 🙂

  2. 2 Åse Marit 17/09/2009 ved 09:52

    For ei herleg bukse! Heldige lille snuppa som skal valse rundt i den.. og lur mamma som ønsker seg noko anna enn rosa, DET er eg veldig for!

    Biltrykket var heilt knall! Kan eg spørre korleis du fekk til ein slik fin bil? Hadde nemlig litt av eit styr med å prøve å finne ein akkurat slik bil som eg kunne bruke til på den blå sparkebuksa eg laga for litt sidan. Det endte med at eg klipte på frihand og resultatet blei så som så..Veit du korleis slik tekstiltrykk held seg i vask? Har nettopp laga eit handlenett som eg skal gi vekk med tektiltrykk på og håper veldig at det held seg fint i ruskever og vask.

    No ventar straks vekas fysioterapi- time og så kjenner eg at eg fekk syånda over meg etter å ha sett bilbuksa di, så får prøve meg på eit lite prosjekt litt seinere .

    TAKK for inspirasjon og ha ein fin dag!

  3. 3 Bente 20/09/2009 ved 21:45

    Frøken Løken likte godt lua sjølv ho 🙂 Og sidan den passa ganske godt til ho har ikkje storebror fått prøve den ein gang! Sidan du har fått kjøpt inn meir stoff skal du ikkje sjå vekk i frå meir handel frå meg 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,648 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: