Nylaga lampe

 Pickles-lampaHeilt sidan vi flytta i nytt hus før jul i fjor har eg irritert meg litt over kjøkkenlampa. Vi har nemleg brukt den som hang der frå forrige eigar, og den var av typen stor, grå og kjedeleg. Men så ein dag kom eg over lampa «Bare surr» hos Pickles, og tenkte umiddelbart at dette kunne eg også få til! Og etter litt fundering kring ballongtypar og garnkvalitet sette eg i gang. Her er resultatet! Eg brukte ein stor ballong som eg berre blåste opp halvvegs, slik at den blei meir rund enn oval. Garnet er restar av litt tjukk offwhite bomull. Det elektriske fann eg på gjenbruksbutikken i form av ei lampe til 15 kroner, og opphenget består av ein elefanttråd som er surra rundt ledningen. Om det ikkje ser heilproft ut så er det iallefall ei mykje meir sjarmerande og original lampe enn den som hang der frå før. No gjenstår det berre å kjøpe ei fin, rund lyspære (av den miljøvenlege sorten, naturlegvis), så skal lampa få stråle så mykje den vil på kjøkkenet!

Advertisements

9 Responses to “Nylaga lampe”


  1. 1 Kort&Som 13/09/2009 ved 19:15

    Wow..kjempe fin!!
    Så flink du er som laget denne selv.. :o)

    Ta en titt hos meg, har skrevet noe om Rammelim!
    Ha en fin søndag du også :o)

  2. 2 Jannike 13/09/2009 ved 19:46

    Så fin den ble!!!! Mye kulere når den er litt skeiv enn den masseproduserte trill-runde.

  3. 3 Hedda 13/09/2009 ved 21:19

    Åh, den vart kjempefin! Du er flink! Eg har og sett den hos pickles, men har ingen plass å ha ei sånn lampe… Eg veit i alle fall kven eg skal spørre til råds viss eg nokon gong skal lage ei! (Forresten så har eg fire veker igjen. I dag 🙂

  4. 4 Sissel 13/09/2009 ved 22:19

    Den var skikkeleg kul! 😉 Hadde hørt rykte om at du dreiv å mekka på ein slik ein.. Ha ei fin veke!

  5. 5 andreas 13/09/2009 ved 22:23

    Eg likar vendinga denne bloggen har tatt. Meir eletriske artiklar takk!!!

  6. 6 Oddbjørg 14/09/2009 ved 10:55

    Stilig lampe 🙂 og være kjekt å ha laga sin egen.

    Ha ein fin dag!
    Oddbjørg

  7. 7 Åse Marit 14/09/2009 ved 11:58

    SÅ artig den blei!! Veldig god idè og kjempefint resultat!

    Den kjolen lengre i innlegget tidligere var berre fantastisk tøff og eit herleg stoff!

    Litt skeptisk til den gjesteforelesninga sidan eg er reine nybegynneren, men kunne absolutt vore kjekt å treffast ein gong det passer slik:-)

    Ha ein herleg dag i fineveret!

  8. 8 Solveig 15/09/2009 ved 10:25

    Endelig kom jeg meg innom bloggen din igjen! Nå har jeg hatt nok datatrøbbel for en stund! Den splitter nye maskina mi har gått som en jojo opp og ned fra by’n på repr…!!
    Så flott lampe du har laget!! Er helt imponert! Du er bare utrolig kreativ-denne ble helt proff! Kjekt å lese om fremgangsmåten:o)
    Tusen takk for fine ord om bloggen min:o) Det varmet! Er glad jeg har en i min nærhet med så mye inspirasjon og kreativitet som deg! Veldig kjekt å lese om deg:o)
    Så flotte kort også! Du viser styrke her når du motstår å kjøpe noe av det du liker så godt å handle. Skulle vært flere med den styrken, ja! Hmmmm
    Ha en fin dag, min venn.
    Klem fra Solveig

  9. 9 Heidi 17/09/2009 ved 09:36

    Oj, den blei kjempefin Kristine!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: