Om bloggaren

Eg har vore så heldig å få ein award! Denne kom ifrå ein bloggvenn eg også har rundt meg til dagen, og som til fersk bloggar å vere har ein mykje besøkt, inspirerande, varm og fin blogg. Eg snakkar om Solbergets mange prosjekt, og har du ikkje tatt turen innom, anbefalar eg å gjere det no.

award----[4][1]

Med awarden kom ei utfordring. No var oppgåva å seie ti ting om meg sjølv. Hm…Ikkje så vanskeleg kanskje, men gjerne ikkje så interessant bloggstoff for dei som er på leit etter hobbyinspirasjon. Jaja, hopp over om du vil!

10 Kristinefacts:

  1. Eg er oppkalt etter mormora mi, og både eg, mamma, bestemor og oldemor har namn som begynner på «K». Såvidt eg veit har alle vore flittige handarbeidsdamer, og eg vel å putte meg sjølv i den samme kategorien.
  2. Gje meg ein fridag og eg vil mest sannsynleg planlegge å bruke den til hobbyaktivitet, baking  og ein liten dose sosial aktivitet.
  3. Etter påtrykk frå venner og kollegaer som er treningsfrelste har eg meldt meg inn i eit treningsstudio! Dette kjem til å redusere hobbytida, men vil forhåpenlegvis gje positive resultat på andre område.
  4. Eg er veldig glad i å fotografere, og skulle gjerne teke fotokurs for å få skikkelig innsikt i fotoverda og alt den har å by på. Men for tida blir fotograferinga veldig lavt prioritert.
  5. Lenge var eg yngst i søskenflokken, no er eg i midten av 5. Det er kjekt å vere ein del av ein stor familie.
  6. Kanskje takka vere storfamilien valde eg å gå inn i eit omsorgsyrke? Eg er sjukepleiar og jobbar på ei barneavdeling.
  7. Min kjære traff eg då eg studerte, og eg kjenner meg priviligert som har ein så god, tolmodig, musikalsk, handy og fin mann…
  8. I periodar er eg oppteken av interiør og forsøker å gjere det fint i heimen inspirert av boligblad og interiørbloggar. Men lommebok og miljøtankegang, tiltakslyst og fysiske rammer gjer at eg oftast gir meg utan at eg er heilt fornøgd med huset vårt.
  9. Det går visst an å vere heimekjær og reiselysten, og underteikna havnar i den kategorien. Men eg slutta å drøyme om lange opphald i eksotiske strøk etter å ha backpacka i 3 mnd i Sør Amerika. Det er kjekt å utforske verda, men etter nokre veker sakna eg å ha rammer i kvardagen, og kjende og kjære rundt meg.
  10. Om eg hadde vunne ein stor pengesum (noko som er lite truleg sidan eg ikkje tippar eller kjøper lodd), ville eg ha forsøkt å starte ein kombinert kafe/gavebutikk, der eg også kunne selt noko av det eg sjølv produserer. Byen min manglar ein kafe med sjel!

Og som med alle andre awards skal denne også spreiast vidare. Her er 10 bloggjenter som eg synest fortener ei utmerking, og som får utfordringa med på kjøpet. Ta den om du vil!

Advertisements

8 Responses to “Om bloggaren”


  1. 1 rino 30/08/2009 ved 21:00

    Tackar hjärtligast för utmärkelsen!

    Jag ska fundera lite på om det «10-Rino»:-)
    Ha det gott

  2. 2 Heidi 30/08/2009 ved 21:26

    Du er flink å skrive, og har gode betraktingar (eller kva eg no skal kalle det…). Ikkje farleg om det ikkje alltid er idear, idear kan det nesten bli litt for mykje av til tider…. Iallefall når ein har lyst til å prøve det meste… Likte den med heimekjær og reiselysten på same tid, melder meg og i den gruppa. Ellers så melder eg meg og på den kafe-butikk ideen. Ein slik skulle vi hatt i byen vår, ja, utan tvil…Eller i nærleiken av byen vår…

  3. 3 Beate 31/08/2009 ved 20:17

    Grattis med ny blogglook! Skikkelig fint!

  4. 4 Sissel 01/09/2009 ved 13:30

    Utfordringa er teken! Eg skal på øving 10-13 både laur + sønd, men eg rekk å treffe det ila. helga håpar eg! 🙂

  5. 5 Åse Marit 03/09/2009 ved 19:35

    Takk for den! Skal gruble litt og sjå om eg klarer å kome på 10 ting om meg sjølv:-)

  6. 6 Hedda 03/09/2009 ved 21:54

    Takk takk 🙂 Eg skal nok også sjå om eg ikkje kan skrive litt om meg sjølv… Ellers, så synest eg du er ekstremt produktiv, og eg føler meg som vanleg ganske lat (gidd ikkje å leite fram symaskina ein gong…) Snakkast!

  7. 7 Frk. Maya 07/09/2009 ved 14:36

    Juhuuu! takk for awarden:P Jeg fikk ikke lagt inn kommentar den dagen jeg oppdaga den, men i dag får jeg:D Jeg lagde et innlegg om den i forrige uke. Takk:)

    Maya

  8. 8 Merete 08/09/2009 ved 20:29

    Moro å lese Kristine. Du skriv, som alltid, godt! Den kafeen veit du ka eg synst om. Startar du den opp, lovar eg å kjøpe alle julegåvene min der!

    klem frå m.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: