Mannen har fått hobbyrom

Jammen har han flytta ut frå hobbyrommet «vårt» i kjellaren. Han var ikkje fornøgd med kvadratmeteren sin, og likte dårleg å bli kompa av symaskindur når han skulle spele gitar og bass. Men før han flytta inn på gjesterommet oppe, blei det gjort nokre grep for å få det litt koselegare der. Dei syreluta furumøblane blei malt grå, oppå golvbelegget la han teppeflisar i samme type som dei vi har på hobbyrommet nede, og eg har sydd sengeteppe i gråtonar.

sengeteppe gjesterom

Teppet er av typen «gjer det enkelt». Eit lag kraftig stoff øverst og eit fleeceteppe som bakside. Mamma har lært meg knytequilting, som var noko herk for fingertuppane, men lettare enn symaskinquilting. Grå kant rundt heile teppet, sydd fast for hand på baksida…Eg er ikkje glad i handsøm, særleg når det er snakk om 6 meter, men det var greit arbeid å gjere foran TV’en. Resultatet: eit teppe som matcha rommet, uten at vi har måtta leite i mange butikkar eller tømme lommeboka. Sjølvgjort er velgjort:) Og min kjære ser ut til å trivast med datamaskin og musikkutstyr godt på plass i det «nye» rommet.

sengeteppe nær

Advertisements

3 Responses to “Mannen har fått hobbyrom”


  1. 1 Sissel 28/08/2009 ved 13:17

    No såg rommet veldig fint ut! 🙂 Trur eg må kome på besøk til dokke snart. Alt for lenge sidan no! Planar om bergenstur i næraste framtid forresten? 🙂

  2. 2 Solveig 28/08/2009 ved 15:46

    Hei på deg! Så flott teppe du har laget!! Tipper mannen erfornøyd nå! PS! Det ligger en liten utfordring og en award og venter på deg i bloggen min:o) Helt frivilling om du vil ha en, begge eller ingen:o)
    Ha en fin helg!
    Klem fra Solveig

  3. 3 Frk. Maya 30/08/2009 ved 18:25

    Nå ern vel fornøyd tenker jeg, det ble jo et fint rom! Fint teppe også, og den teknikken du prater om har jeg aldri hørt om før, men det var jo lurt!

    Maya


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: