Herlig brunt prikkestoff frå gjenbruksbutikken har blitt til ei smal sparkebukse uten fot og armar, str 62. Dette er mitt første forsøk på å bruke ribb istadenfor skråband til å kante elastiske stoff. Og til debut å vere synest eg resultatet blei brukbart. Eg har også lært korleis eg syr knappestolpe som endar i ein buksekile. Kjekt med nye ferdigheter! Denne havnar på kistebotnen i håp om å få bruke den til eigne barn ein gong.
Tidlegare i sommar prøvde eg meg på å sy solhatt til ein 1 åring. Fann fram fine blå gjenbruksstoff og tenkte at dette var eit kjekt prosjekt. Det sytekniske gjekk bra, men mitt forsøk på å forstørre ei oppskrift eit lite hakk endte med at hatten nesten passa mitt eige hovud! Kanskje 8-12 år ville vere ein grei størrelse å sette på denne. Litt seint på året for solhatt no, men om nokon er interessert i denne skal du få den veldig billig:)
Så herlig den dressen var!! Heilt etter min smak:-) Gøy med retrobaby- klè og ikkje berre pastellbaby- klè, som butikkane bugner over med:-)
Takk for tips om store størrelsar i boka..gav veldig meining! Har sydd eitpar bukser sidan sist, artig!
Artig bukse. Heldig som tydelegvis finn så mange artige stoff på gjenbruksbutikken. Enten har du alltid vore å snappa dei framfor nasen min, ellers så er eg dårleg til å leite. Har funne litt, men du finn meir ser eg 😉