Kunst på ønskelista

Litt nattevaktssurfing gjorde at eg kom over dette biletet på etsy. Syns det var spennande og fint å sjå på! Kunstnaren heiter Rigel Sauri, og han har kalla biletet Earthquake. Det hadde ikkje vore meg imot å ha dette hengande på veggen. Men sidan eg nyleg har hatt bursdag er det ikkje tid for å sette opp ønskelister (eg har fått utruleg masse fine ting, og det utan ønskeliste til og med!), men det er jo lov å drøyme!

I mellomtida kan eg jo vurdere å finne fram akrylmaling og svampar og penslar, og prøve å lage veggpryd sjølv. Men det sit langt inne merkar eg…

Advertisements

3 Responses to “Kunst på ønskelista”


  1. 1 Heidi 20/08/2009 ved 08:38

    Berre å finne fram! Det nermar seg at eg og skal starte å male. Har såvidt prøvd litt for eit par år sidan, men er ikkje komt skikkeleg igang. Men det skal eg! Dette bildet du har plukka ut ser jo nesten ut som glass, artig. Sov godt!

  2. 2 Sissel 08/09/2009 ved 01:21

    Åh! Dette bildet var kjempefint! Skuøøe gjerne ha kjøpt det til deg, men må vel evt. vente på ei naturleg anledning 😉 Eg såg gjennom resten av bilda av kunstnaren, fin inspirasjon. Trur eg skal prøve å male eit bilete snarast! Eg likte forresten godt: http://www.etsy.com/view_listing.php?listing_id=29597136
    Ha ei fin veke!

  3. 3 Sissel 08/09/2009 ved 01:22

    Heidi: Skal invitere deg over på ein malekveld ein gong. Eg har masse utstyr liggande, så det er berre å stille med lerret 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: