Babytøy

Omslagsjakke beige foran

Har prøvd meg på noko nytt. Imponerer stadig meg sjølv med å prøve meg på ting eg aldri før har prøvd. Som å sy omslagsjakker i babystørrelsar. Det er mange nye verdsborgarar på veg rundt meg, så eg har planar om å ha nokre gåver på lur. Eg er ikkje så veldig glad i å sy på skråband, men det gjekk igrunnen ganske greit å få det fint uten å bruke opp tolmodet. (Klart det hadde vore kjekt med overlockmaskin og kantbandfunksjon, men det kostar litt for masse!) 

omslagsjakke bak

 omslagsjakke knyting

IMG_2857

Mønsteret er ifrå permen «Mitt håndarbeide» frå omlag 1980. Ein skatt eg har arva frå mamma:) Den lyse jakka er sydd av ein mjukt, halvsyntetisk (?) stoff eg har kjøpt på bruktbutikken. Det blårutete er bomull frå mamma sitt utømmelege lager. Begge er kanta med ordinært skråband i bomull.

Advertisements

4 Responses to “Babytøy”


  1. 1 torunn 13/08/2009 ved 08:04

    Imponert mht skråbånd, helt enig, skråbånd får testa tålmodet! Resultatet her ble jo kjempefint. Søte omslagsjakker 😉

  2. 2 Bergitte 14/08/2009 ved 11:39

    Så fine dei baby trøyer du har laget.

  3. 3 Åse Marit 14/08/2009 ved 13:23

    SÅ herlege små jakker! Kjempesøte! Kjenner eg blir inspirert, men trur eg skal prøve med på nokre små bukser no først..har så mykje elefantstoff igjen:-)

    Den boka du tipsa meg om var genial, sjølv om det ikkje er alt eg greier å forstå heilt sjølv. Var godt å ha mamma i nærheten under første prosjektet, men no får eg klare meg sjølv!

    Ha ei god helg!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: