Lyst på eit nytt handlenett?

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha ei markering då eg runda 20000 visningar på bloggen, men så blei det aldri noko av. No har eg bikka 25000 og syns at det er vel verd ei markering. Det er jo litt gøy med utlodding, så eg tenkte at eg skulle by på eit handlenett som takk til alle de som viser interesse for blogginga mi!

handlenett

Dette er sydd av eit kraftig bomullsstoff med trykk, samt ein gammal kjole som bestemora mi har hatt. Hankane er solide og posen er på størrelse med ein vanleg bærepose frå butikken. Men, som dei fleste no har fått med seg, fleirbrukshandlenett toler mykje meir når du fyller dei med varer og sparer naturen for unødvendig mykje plast. Har du eit par liggande i bilen og eit hengande på ein knagg i gangen, så venner du deg fort til å ta det med deg når du handlar. Dessutan – når du treng ein pose fordi du skal ta med deg noko frå A-B og du ikkje får plass i veska, så er det mykje kjekkare å ta putte det i eit handlenett enn i ein plastpose med reklame på!

På dette står det berre K*L*E*M, fordi Kristine Lagde dette Eigenhendig Med glede.

(Treng du likevel plastposar til søppelspannet får du kjøpt tynne, lett nedbrytbare posar i vanleg daglegvare. Dei er stort sett billegare enn plastposane med butikklogo på! Puh! Det var dagens propaganda.)

Har du lyst å vere med i trekkinga kan du skrive ein kommentar til innlegget innan 15.august, så kanskje det dukkar opp i postkassa di?

Advertisements

19 Responses to “Lyst på eit nytt handlenett?”


  1. 1 Heidi 05/08/2009 ved 21:50

    No greidde du nesten å overbevise meg om at eg kanskje kan klare å få endra vanane angåande dette med handleposar og handlenett. Trur faktisk eg må ta å sjå over stoffa mine om eg har nokre kandidatar for nett. Det er jo ikkje nokon heksekunst akkurat. Neste regnversdag tek eg kanskje fram symaskina mi og startar med nettproduksjon. Og er eg heldig, så blir det kanskje gevinst her…;-). Fortsatt god ferie!

  2. 2 marianne 05/08/2009 ved 23:05

    Du klarte å overtale meg:)
    Jeg vil gjerne være med i konkurransen om det flotte handlenettet.
    Marianne

  3. 3 Heidi 05/08/2009 ved 23:37

    Veldig kjekke nett. Viktig å tenke på miljøet:) Om eg ikkje er så heldig å vinne eit, så trur eg eg skal sy eit sjølv. Fann mange kjekke stoffrestar på gjenbruk i Ørsta her ein dag. Du får ta deg ein tur ned når du er her om du har tid, kanskje du finn noko kjekt. Snakkast snart!

  4. 4 Bergitte 06/08/2009 ved 06:45

    Er helt enig med deg.Handlenettet uten reklame er tingen.

  5. 5 Anne Sofie 06/08/2009 ved 07:32

    Trur kanskje dette er første gang eg legg att ein kommentar på sida di, men eg er som mange andre ofte inne og beundra din kreativitet. Handlenettet frista veldig:)

  6. 6 Bergljot 06/08/2009 ved 10:19

    Hei…
    Du imponerer stadig vekk…eg er jo ofte inn å ser på det du driv med. handlenetta vea kjempe fine, og so bra og bruke 🙂
    Klem Bergljot

  7. 7 lise 06/08/2009 ved 10:31

    Fine nett, og bloggen din er kjempefin og inspirerende.

  8. 8 Gunvor 06/08/2009 ved 12:01

    Hei !

    Kjempefint handlenett.
    Tenk om det hadde dumpet ned i min postkasse.

  9. 9 eling 06/08/2009 ved 20:21

    Heisann, ei sånn fin handlepose hadde jo vore kjekt å ha. Eg er faktisk av dei som alltid har eit par samanbretta plastposar i veska mi, men ein skikkelig handlepose er myyyykje tøffare 🙂

    Fin blogg du har!

  10. 10 Beate 07/08/2009 ved 10:51

    Jeg blir selvfølgelig med på denne konkurransen og! Har forstått at jeg har hell i både spill og kjærlighet etter jeg vant forrige konkurranse på den fine bloggen din! Jeg syns også jeg fortjener en oppmuntring etter en ukes inneliv pga andres frykt for svineinfluensa.. Dumt at jeg skulle bli syk akkurat når vi hadde mulighet til å få besøk av dere. Håper inderlig dere kommer innom en annen gang!

    B

  11. 11 Karianne 07/08/2009 ved 19:35

    Denna konkurransen vil eg bli med på;) Eg e stadig inne på bloggen din og blir både inspirert og imponert!

  12. 12 Malin 07/08/2009 ved 20:55

    Flott handlenett=) Fine fargar og kult mønster!
    Du har mykje fint på bloggen din. Får alltid lyst til å lage ting sjølv når eg er innom. God inspirasjon=)

  13. 13 Bente 09/08/2009 ved 08:31

    Eg trur det er på tide at eg prøver meg på eit meir miljøvenleg handlemønster, og då trengs det jo absolutt eit handlenett 🙂

  14. 14 Jannike 10/08/2009 ved 18:33

    Jeg krysser fingre og håper på at du velger meg ut blant de heldige mottakere!!! :-)Alltid morsomt å kikke innom siden din for å se om du har laget noe nytt – hvilket du ofte har

  15. 15 Lillian N 11/08/2009 ved 18:29

    Eg er med eg og. Prøver å være flink å bruke handlenett, men klare det ikkje alltid. kanskje nokre fine laga av deg kan hjelpe;)

  16. 16 Villblomsten 13/08/2009 ved 08:17

    Hei 🙂

    Flott handlenett 🙂
    Jeg elsker gjennbruk 🙂

    og helt enig – vi bruker alt for mye plastposer
    jeg prøver å være flink og bruke poser av stoff når jeg kjøper mat , men frem til nå har jeg ikke helt vist hva jeg skal putte alt bosset vårt oppi ..
    ( med 6 stk i fammillien , så blir det litt boss…. )
    så nå fikk jeg ett godt tips fra deg 🙂
    jeg viste nemlig ikke at de tynne plastposene var lettere nedbrytbar 🙂
    så da lærte jeg noe i dag også 🙂
    takk for det 🙂

  17. 17 Åse Marit 13/08/2009 ved 13:19

    Eg vil gjerne vinne handlenett!!

    Bruker stort sett berre handlenett i her i huset, men der skin reklama mot deg kan du sei..:-) Kjekt med noko anna!

  18. 18 Ann Tove 13/08/2009 ved 18:32

    Er SO einig med deg, har alltid med meg handlenett ( i stoff ) når eg handlar.Og ja, kjøp heller ein rull med avfallsposar til bossbøtta.

  19. 19 Malin 03/09/2009 ved 13:12

    Ville berre sei takk for handlenettet. Det var veldig fint, og kjekke størrelse. Etter å ha brukt det eg vant hos deg fant eg ut at eg trenger litt flere. Så har brukt ditt som mal og sydd nokre til. No er det slutt på plastposer!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: