Praktisk veske og bokanbefalingar

Har sydd til meg sjølv. Er glad i vesker, og denne har masse plass, mange lommer og praktisk nøkkelklips-snor på innsida. Og fargane er sjølvsagt valde utifrå eigen smak, difor blei det Kristine-blågrøn utanpå og brunt inni. På undersida er det faktisk voksduk, slik at veska toler litt skitt og fukt om den blir satt på bakken. Kom på det heiltavmegsjølv.  Smart, eller? 🙂

Blågrøn veske fotomontasje

Om du er observant så ser du at boka som ligg nedi veska har eit noko spesielt omslag…Ja, det er ei rumpe du ser. Boka heiter «Til høgre for Machu Pichu«, av Heidi Hattestein. Kjekk, lettlest reiseskildring frå Sør Amerika. Har sjølv vore backpacker på det samme kontinentet, og syns det er kjekt å lese om andre sine opplevingar og sjå bilete frå spennande turar. Anbefalast.

Mønsteret til veska fann eg i ei finfin idêbok som heiter «Enkelt att sy«, av Lotta Jansdotter. Du finn den på capris.no om du trykker her. Den har enkle beskrivelsar, morsomme syprosjekt og fine bilder. Passar nok best for folk med liten syerfaring, men den er absolutt kjekk å kikke i for folk som er meir drevne også. Det var dagens to bokanbefalingar!

Har begynt på ferien denne veka og ute regnar det i bøtter og spann, så eg kan kose meg inne med god samvittighet før vi reiser på tur! I love it…

 

Advertisements

1 Response to “Praktisk veske og bokanbefalingar”


  1. 1 Åse Marit 23/07/2009 ved 11:13

    Så fine ting du har laga!! Likte det skjørtet kjempegodt! No er turkis ein av mine favorittar og har faktisk drista meg til å male eine kjøkkenskapet i lyyys turkis då resten av innreiinga vart kvit i forrige veke. Og der er det raude gardiner og detaljar som gjeld for tida så den kombinasjonen er skikkelig fin synest eg, litt knall, men nettopp derfor så fin!!

    Veska såg veldig praktisk og kjekk ut med alle dei lommene. Såg ganske avansert ut synest eg!

    Eg driv å prøva å finne ut av Børnetøj- boka og har ein nattdress til knøttet på gang..Har ikkje sydd etter mønster før, men får hjelp av ho mamma så trur det skal gå bra:-)

    Kos deg masse på tur!!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,337 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: