Spisebord og lenestol i ny drakt

Petrastolen 1

Sjølvgjort er velgjort! Denne gamle stolen har vi arva frå ei gamal tante på Sunnmøre. Vi syntest den var god å sitte i, men noko kjedeleg i sitt opprinnelege grøne ullstoff. No har den endeleg fått nytt liv, bokstaveleg tala når ein ser på mønsteret i det nye, kraftige stoffet. Mannen har skrudd, eg har sydd, sammen har vi stifta -og vips, så var stolen så god som ny! Har vurdert å pusse treverket og gje det ein ny farge, men det blir nok ikkje i år…(Fargane lyg litt. Armlena er ikkje såå orange!) Stoffet er kjøpt på Åhlens, for den som måtte lure.

Petrastolen 2

spisebordet

Spisebordet vårt er eit resultat av mine foreldre sitt behov for å kjøpe ting dei kjem over som dei oppfattar som «eit kupp». Det er eit solid furubord funne på eit lagersal, og enda hos oss då vi trengte det. Veldig greit for oss, som hadde mange heilt greie stolar og ikkje hadde lyst til å bruke masse pengar på spisebord. No er eg hakket mindre glad i furu enn foreldrene mine, og eg har lenge hatt eit ønske om å gjere noko med fargen på bordet. I går fekk eg ånden over meg, og mannen spelte med på laget, så då bar det ut på verandaen for pussing og beising. Resultatet er eit bord som er mykje meir vår stil, og som ikkje treng å dekkast til med ein stor duk heile året…Kor lenge det går før vi har masse stygge merke på det vil tida vise. Kanskje vi skal kline på eit strøk lakk for å vere heilt sikker? Kva trur du?

spisebordet nært

Advertisements

3 Responses to “Spisebord og lenestol i ny drakt”


  1. 1 Heidi 09/07/2009 ved 00:05

    Hei! Moro med oppussing og fornying av møblar. Eg stemmer for eit strøk eller to med lakk oppå beisen. Har eit kvitbeisa kjøkkenbord sjølv, med lakk. Artig variant av stolen. Eg har ein gyngestol og to andre lenestolar som ventar på nytt trekk. Gyngestolen er komt i stova, med førebels eit lappeteppe over seg. Dei andre to er på låven og ventar. Er nok gyngestolen som står først i køen. veit ikkje om retro-stilen (som eg vil kalle denne) eignar seg i vårt hus, men morsomt å sjå! Hjernecellene får seg ein ekstra sving når ein ser slikt, -kva kan eg gjere og kor?? Voldsomt begeistra for bloggar som din, med mykje god inspirasjon på både eitt og hitt!!

  2. 2 Åse Marit 10/07/2009 ved 12:52

    Så flott det blei!! Er imponert over resultatet på stolen! Såg skikkelig proft ut:-) Så kjekt å gi nytt liv til gamle møblar.

    Veit dessverre lite om lakk, hakk osv, men bordet ser i alle fall veldig bra ut.

    De er driftige!! (er det eit vanleg ord som de brukar hos dykk skal tru?)

  3. 3 Therese 11/04/2010 ved 09:08

    Hei.
    Jeg skal trekke om en identisk lenestol. Kan du være så snill og gi noen tips om hvordan du sydde og satt på trekket. Sydde f.eks en forside og en bakside på rygg-lenet? Ditt resultat ser så pent ut!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: