Superknekkebrød

knekkebrødbrett

Av alle ting fekk eg i går ein mail frå den eine broren min med oppskrift på knekkebrød! Hans kjære A. hadde prøvd seg på desse med hell, og det slo han tydelegvis at eg kunne vere interessert i å gjere det samme. Det var ein god tanke! Ivrig etter å prøve noko nytt sette eg i gang i kveld, til tross for at eg mangla eit par av ingrediensane . Men det gjekk heilt fint å improvisere! Om ein likevel er heime ein kveld, så krever det ikkje store innsatsen å lage desse knekkebrøda. Og så er det jo veldig kjekt å ete sunne ting ein har laga sjølv! Om du har lyst til å prøve sjølv kjem oppskrifta her:

——————————
Sunne knekkebrød

2 dl havrekli
2 dl kruskakli
2 dl havregryn
2 dl sammalt rugmel
2 dl linfrø
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
2 ts salt
7 dl vann

Ha alt i en bolle og rør sammen. Røren fordeles på to langpanne
stekebrett. Røren trykkes ut over brettet og formen på knekkebrødene
lages med pizzaskjærer. Knekkebrødene stekes på varmluft først i 45
min på 180 gr. Deretter tørkes de på 100 gr i 45 min med stekedøren på
gløtt. Når de er ferdige knekkes de opp.

———————————

Knekkebrød på rist

Knekkebrød m ost

Til opplysning: eg bytta ut kruskakli med valsa spelt, og sammalt rug med steinmalt spelt. I tillegg strødde eg linfrø på det eine brettet og sesamfrø på det andre. Estetikken er også viktig:). Denne oppskrifta gav 20 litt store knekkebrød.

Advertisements

6 Responses to “Superknekkebrød”


  1. 1 Ingis 18/06/2009 ved 20:58

    Kva gjer ein viss ein ikkje har varmluftsovn?

    • 2 Kristine 19/06/2009 ved 01:28

      Det går sikkert greit å steike dei i to omgongar, for så å sette begge bretta i lag når dei skal «tørke» på 100 grader. Men det tek jo litt meir tid då…

  2. 3 Sveinung 18/06/2009 ved 21:55

    Og ej må få sagt at dissa knekkisane va sabla gode! Kjekt å kome heim til slik kveldsmat 🙂

  3. 4 Anna 19/06/2009 ved 12:48

    Me har ikkje varmluftsovn, men det gjekk greit for det. Tok litt lengre tid berre, når ein må steika dei kvar for seg. (Me har i tillegg berre ei rist(!) tilgjengeleg, så me har ikkje store valet…) 😉

    Godt dei fall i smak! NM elskar dei =)

  4. 5 Åse Marit 20/06/2009 ved 18:15

    For ein god idè! Desse skal eg jammen prøve:-) Er veldig glad i å bake, men då er det kjekt med noko skikkelig sunt som ein kan nyte med god samvittighet..må prøve å vere så snill som mulig med han lille der inne sidan han ikkje har så mykje han skulle sagt enno:-)

    Var innom og registrerte meg på Capris og skal inn og bestille boka no, så er det berre å vente i spenning og lade opp til litt sying:-)

    Takk for oppskrift og tips! Ha ein fin lørdagskveld!

  5. 6 Mette 21/06/2009 ved 15:58

    Hvor ser det godt ud! Jeg elsker knekkebrød.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: