Litt nytt på syfronten

Det har vore lite hobbytid på  meg dei siste vekene, ferie og fint ver er ikkje så verst det heller. Men her kjem eit hobbyrelatert innlegg med noko nytt og noko som eigentleg har blitt liggande upublisert ei stund.

brun smekke voksduk

Eg har lenge tenkt å prøve meg på å lage smekker av voksduk, og no har eg endeleg gjort det. Med hell! Kanta med skråband i lin, og med samlelomme foran syns eg den blei både kjempefin og praktisk. Men eg er ikkje superglad i å sy skråband sidan det er litt tolmodsarbeid, så eg kjem nok ikkje til å storprodusere slike. Er du interessert i å kjøpe kan du kikke innom overskuddslageret.

Kjole solig gul/rød

Her er ein kjole (str. 2 år) inspirert av Solig, ei svensk jente som syr masse kule kle i retrostoff. Ho er over gjennomsnittlig glad i varme fargar, og etter eit besøk på bloggen hennar fekk eg lyst å gå laus på eit gammalt dynetrekk eg fekk etter at mamma var ein tur på Fretex. Kombinert med det raude stoffet med epler på blei det ein knæsj sommarkjole, perfekt for fine sommardagar! Også denne havnar i overskuddslageret, då eg ikkje har nokon potensielle småjenter å gje den til.

Bermudapirat

Denne piratbuksa (str. 1-2 år) er laga i eit stoff som gjer at den ser veldig ut som ein bermudashorts. Det er sjølvsagt ikkje heilt tilfeldig at eg valde akkurat det stoffet, og eg syns den blei ganske så tøff. Har laga og gitt vekk nokre slike bukser i det siste, og gløymde å ta bilete av dei før dei for ut av huset. Trur eg må spørre fint om eg kan få nokre actionbilete eg kan publisere, for det er ganske stilige bukser. Luftige og gode på varme dagar, og med god plass til bleierumpe. Nok eit plagg som havnar i butikken.

Advertisements

1 Response to “Litt nytt på syfronten”


  1. 1 Solveig 10/06/2009 ved 07:52

    Så dyktig du er Kristine! Skikkelig produktiv og inspirernade! Spennande å følge med på alt du lagar…:-)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: