Barcelona

Maskestatue

Heime igjen frå ferietur i Barcelona, og har nettopp lagt inn maaasse bilder på datamaskina. Hatt det supert, og synest vi fekk sett og gjort masse kjekt. Om du likar å reise og ikkje har vore der enno: byen kan anbefalast! Trur vi var heldige med årstida også, både klimamessig og sett i forhold til at det var relativt lite turistar der no (men likevel mange nok!). Dessutan fekk vi oppleve å vere i byen då Barcelona stakk av med seieren i Champions League – noko vi neppe kjem til å gløyme med det første. Eg er ingen fotballsupporter, men det er tydeleg at veldig mange andre er det! Det var ei vanvittig stemning i sentrum både under kampen, etter seieren var eit faktum, samt dagen etter, då spelarane kom tilbake og vart hylla som heltar med lang parademarsj og greier. Spesielt.

Barcelona - Man U

La Pedrera

Taket La Pedrera

 

La Pedrera er eit av Gaudi sine mest kjente verdslege bygg, med ein skulpturpark på taket. Fascinerande. Ein får dessutan god utsikt over delar av byen, som f.eks mot  den vanvittige katedralen Sagrada Familia som ein kan skimte i horisonten på biletet over. Biletet under er teken nedover spiraltrappa vi gjekk for å komme ned frå eit av tårna i Sagrada Familia. Ein svimlande tur.

IMG_6053

Park Güell øglefontene

Park Güell er også Gaudi sitt verk, og var kanskje ikkje fullt så imponerande som forventa. Men mosaikken han har brukt er jo definitivt dekorativ, både på bygningar (under) og skulpturar (over).

Park Güell inngangsparti

Som gode turistar måtte vi jo innom den enorme ferskvaremarknaden ved La Rambla for å inspisere litt. Er litt småskeptisk til å handle på slike stader, i frykt for å få i meg basilluskar som magen ikkje toler, men fruktsalaten vart fordøyd på eksemplarisk vis. God var den og.

Fruktdisk

Fekk du lyst til å reise på ferietur no? Vi har allereie booka neste storbytur:) Enn so lenge får vi nyte sola som skin så fint her heime, og nyte kvardagane med det dei måtte by på.

Advertisements

3 Responses to “Barcelona”


  1. 1 Hedda 01/06/2009 ved 19:42

    KJEKT! Vi gjorde nesten akkurat det same i fjor sommar, bortsett frå at vi ikkje orka å stå i kø for å kome opp i tårnet på Sagrada Familia, det var over to timar ventetid. Kanskje færre turistar no enn i juli? Eg reiser i alle fall tilbake til Barcelona når som helst!

  2. 2 Åse Marit 02/06/2009 ved 20:17

    Såg og hørtes herleg ut!! Fantastisk med sol, ferie og storby…drømme, drømme. Håper du får ei god veke vel heime igjen også:-)

  3. 3 Torunn 07/06/2009 ved 19:16

    Kjempeflotte bileter! Eg har aldri vore i Barcelona, men etter desse flotte bileta blir nok det eit ferieønskje. Ha ei fin veke.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: