Konfirmasjonsgåve

M scrap barnehage

Forrige helg var det konfirmasjon i familien, og den eldste av mine to søstre var dagens midtpunkt. Eg trur både konfirmanten og foreldrene var nøgde med dagen, det såg iallefall ut som dei fleste hadde det kjekt. Som hobbyentusiast og god storesøster ønska eg å gje ho noko personleg denne dagen, og har det siste året jobba med eit scrapbookalbum. Der har eg samla bilder frå ho var nyfødd og fram til i dag. Eit kjekt prosjekt å jobbe med, og ei kjekk gåve å gje ifrå seg. Søstrene mine har alltid vore glade i å sjå på bilder, og eit slikt album er ei minnebok som forhåpentlegvis kan gje glede i lang tid framover. No er det eit år til minstesysta skal konfirmerast, så eg bør vel sette i gang med eit nytt album om ikkje så altfor lenge. Årets album vart på 38 sider, så det ligg nokre hobbytimar bak…

M scrap pus

Pusen måtte få vere med!

M scrap sisters

Eg har store mengder bildemateriale av desse to, så det var ikkje vanskeleg å finne noko å bruke i albumet.

M scrap julebukk

Noko av det kjekke med å lage eit heilt album er at (med mindre ein har veldig lite utstyr eller veldig god råd!) ein må bruke det ein har av papir og stæsj.  Kreativiteten blir då utfordra på ein anna måte enn om ein kjøpte nytt materiale der alt harmonerar. Til tross for at ein innimellom må bruke fargar og pynt som kanskje ikkje er blandt favorittane, så kan ei ferdig albumside bli ganske stilig når ein finn ein bra måte å sette alt saman på. Og når pynten og skrifta på sidene begynner å gå igjen, er det veldig kjekt å treffe kollegaer som har utstyr å låne vekk…

M scrap sporty

Advertisements

1 Response to “Konfirmasjonsgåve”


  1. 1 Åse Marit 14/05/2009 ved 18:24

    For ei flott gåve!! Kjempekjekt å få og veldig kjekt å gi vekk slike gåver også:-) Tipper søstera di blei glad!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: