Ferske sysaker

Etter ein periode med mykje fint vêr og lite innetid kom regnet og gav meg litt tid foran symaskina. Her er eit par nye strikkepinneetui som to kollegaer har bestilt. Som før syr eg utan mønster, og storleiken bli avgjort utifrå stoffet eg endar opp med. Denne gongen har eg laga settpinnelommene smalare, men rundpinnelommene i front er omtrent som før. Strikkesesongen er meir eller mindre over for min del, men strikkepinneetui må ein jo ha uansett!

pinneetui svart/rødt 2

Pinneetui svart/rødt

Eg likar dette kvite stoffet med grå og svarte striper (over), men eg syntest det trengde ein dæsj farge for å matche mottakaren. Pepitaruter og blomstersøm gjer at dette etuiet blei litt morsomt og ikkje heilt A4.

pinneetui grå ornament 2

Pinneetui grå ornament

Det grå etuiet er litt meir klassisk i stilen og laga av eit ornamentstoff frå panduro som eg synest sjølv er ganske flott. Eg trur også det kan falle i smak hos den ivrige strikkedama som skal ha det. Bandet på midten er arvegods som passa så godt i fargen at det berre måtte få lov å vere med.

Advertisements

1 Response to “Ferske sysaker”


  1. 1 Åse Marit 12/05/2009 ved 17:58

    Så flotte etui du har laga!!! Likte spesielt godt det med raudt på og dei søte blomane:-) Blir ikkje mykje hobbytid hos meg heller..vi får ta det att når regnet kjem. Ha ei god veke og nyt våren!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: