Nøstebarnprosjekt

nøstebarn dress

Heil ulldress i dobbel totrådsgarn, str 1 år. Eg har kombinert ullteppegarn frå Spar Kjøp med lammeull frå 123knit.com. Syns resultatet blei bra, og reknar med det blir ein god og varm dress til den som ein gong måtte få den. På bildet ser den nokså skrukkete ut, for eg har ikkje vaska og dampa den. Kule knappar? Det er stålknappar frå ei gamal kofte som har endt sine dagar.

Eg trur eg har strikka ein del meir denne vinteren enn forrige. Det kan tenkast at det er fordi eg har innsett at eg klarar meir enn eg har trudd. Nøstebarnboka er jo heilt super når det kjem til lettfattelege oppskrifter, og eg kvir meg ikkje på å sette i gang med eit prosjekt derifrå. Denne dressen, for eksempel, tok ikkje så lang tid å lage som eg hadde rekna med. Og eg er jo som kjent ikkje så glad i langtidsprosjekt. No er eg i gang med ei selebukse, for eg må liksom ha noko på pinnane. God helg til deg!

Advertisements

2 Responses to “Nøstebarnprosjekt”


  1. 1 Lillian N 29/03/2009 ved 15:59

    Sånn har eg laga til L. Den brukar han kvar dag under dress eller regntøy i barnehagen. Veldig god:)

  2. 2 christel 04/05/2009 ved 08:14

    oi den dressen kjøper eg gjerne om du ikkje allerede har fått seg en heim…:) passer perfekt til Vetle Aleksander til høsten:) KJempefin var den:) sorry for sein tbkmld ang skjøtet, har ikkje vore innom på lenge..men om d e en romslig str 6 år så vil gjerne frøken supp ha et slik og svinge seg i ti sommeren:) håper alt står bra til med dere sånn ellers..håper at eg kan ta meg en liten førdetur snart, da kjem eg på besøk;) klem fra christel:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: