Kvardagsgleder

sokkar svigermor

Forrige veke fekk eg ei overrasking i posten. Svigermor hadde sendt meg nye sokkar! Er dei ikkje fine? Fin farge, fint hol-/flettemønster, fin lengde, og akkurat passe store. Eg har brukt dei masse allereie. Tusen takk!

Eg har dessutan fått andre kjekke ting i posten siste tida. Innimellom rekningar og sjølvmelding dukka det opp ein koselig bryllupsinvitasjon (jada, vi kjem!) og eit kort med gode ord (sjå under). Eg diggar sånn post!

«Det er ikke de store gledene som teller mest; det er det å gjøre et stort nummer ut av de små».

Dette er god livsfilosofi. Av andre små og store gleder eg kjenner på for tida kan eg nevne i fleng; helgetur i vårlege Bergen blandt venner og familie, kombinert med kjolekjøp og tapaskveld – superhelg. Etter å ha vore vekke i helga uten mann er eg nesten nyforelska igjen…Skitur i solskinn i går- fekk fregner på nasa. Eg har laga potetmos frå grunnen for første gang – det var så vellykka og enkelt at eg har tenkt å gjere det oftare. Shamu, ein av mine favorittbloggarar, feirar toårsjubileum på bloggen – eg deltar i konkurransen om ein premie og håpar på meir spennande post! Kjøpte vårblomar i går – dei minner meg om at vi har mykje fint i vente.

Advertisements

0 Responses to “Kvardagsgleder”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,971 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: