Petroleumsfint

Jenter i barneskulealder har favorittfargar. Dei skiftar ofte, og er ein viktig del av identiteten skal ein tru skuledagbøkene vi hadde då vi var yngre. Navn:…..Alder:…..Favorittmat:….Favorittfarge:……Eg innrømmer gjerne at eg, til tross for at eg er ferdig med barneskulen, har ein favorittfarge. Den har eg hatt i mange år. Den har somme tider fancy navn som azur og petrol, men eg kallar den oftast for blågrønn. Du ser den også i forrige innlegg om veskebestillinga eg hadde.

strikka tunika foran

Då eg bestemte meg for å strikke ein kjoletunika til meg sjølv, fall eg pladask for alpakkagarnet i denne fargetonen. Sidan eg er mest van med å strikke ting som er små og blir kjapt ferdige, var eg redd dette kom til å bli eit langvarig prosjekt. Men den gang ei! Oppskrifta var lettfattelig, og den var faktisk kjekk å strikke. Dessutan hjalp det på farten at den blei strikka i dobbelt garn med pinne nr 6. Eg strikka den forresten litt kortare enn det oppskrifta sa, for eg ville at det skulle bli ein tunika meir enn ein kjole. Ergo sparte eg litt tid der også. Den vart ferdig for fleire veker sidan, og eg konkluderar med at eg har laga meg eit strikkeplagg eg er godt nøgd med. Varm og mjuk, og i favorittfargen. Likar den best med belte på og skjerf til.

 

strikka tunika bak

Advertisements

5 Responses to “Petroleumsfint”


  1. 1 Heidi 03/03/2009 ved 00:48

    Du altså!! Utruleg kva du får produsert! Er imponert! Denne tunikaen var kjempetøff, den kan du vere godt fornøgd med!

  2. 2 Gurimalla 05/03/2009 ved 20:54

    Knakende flott tunika! Herlig farge.

  3. 3 Hedda 05/03/2009 ved 21:56

    Ja, kjempefin! Eg og har favorittfarge, og den skiftar ganske ofte. Jente i barneskulealder, altså… Eg skal forresten ikkje flytte så langt denne gongen, berre 5 minutt utover fjorden. Men du skal slett ikkje sjå vekk i frå at eg havnar på dine kantar etter kvart, tanken godgjer seg i meg, for å seie det slik. Vi skal ikkje halde på med denne flyttinga så veldig lenge, verre er det at eg har litt program for fleire komande helger framover… Men det kan jo vere snø lenge enno i desse fjella!

  4. 4 Hilde Iren 07/03/2009 ved 01:21

    Denne var kjempefin! Er inne i en blå periode, det er så deilig med alle blånyansene som har kommet i år! Ikke bare lyseblå og marine…
    Ha en fin helg!

  5. 5 Sissel 08/03/2009 ved 05:23

    Dinna va rett og slett fantastisk fin!! 😀


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: