Veskebestilling

 

Veske petrol

Væskebestilling er noko vi driv med på jobb om torsdagane. Veskebestilling er noko heilt anna. Her dreiar det seg om ei gåve til ei sprek dame som fyller eit rundt tal, og søstera hennar som gjerne ville gje vekk noko heimelaga. Eg tok utfordringa (eg var vel faktisk dristig nok til å foreslå det sjølv…), og er for ein gong skuld skikkelig fornøgd med resultatet. Kanskje fordi eg har brukt favorittfargen min, kombinert med prikkete lin (I love), knappar og sjølvsagt fuglen som har ein tendens til å lande på mange av tinga eg lagar. Mønsteret er eigenkomponert og eg valde å gjere veska såpass stor at den rommar litt ekstra, sidan mottakaren er ei dame med mange jern i ilden og 5 barn. Håpar den fell i smak!

Veske fugl  

Fôret er champagnefarga sateng som eg har hatt liggande eit par år utan å ane kva eg skulle bruke det til. Her kom det til sin rett! Og sjølvsagt har eg gitt veska ei lomme. Eigentleg burde vel alle vesker hatt minst to lommer, men når ein syr med faldar i fôret blir det ingen suksess med mange lommer.

veske petrol silkefor

Og slik blir produkta mine merka før dei går ut av huset:

Veske m KLEMtag

6 Svar to “Veskebestilling”


  1. 1 Anna 25/02/2009 ved 18:18

    Wow! Den var superfin! Diggar knappane 🙂

  2. 2 shoops 26/02/2009 ved 00:08

    Oi, denne hadde eg blitt kjempeglad for å få:) Well done!

  3. 3 Lillian N 26/02/2009 ved 21:07

    Ho blir kom kjempe fornøgd med den ja:) Blir veldig inspirert av deg..Berre synd tida mi ikkje strekke heilt til alt eg vil eller må gjere…

  4. 4 Beate 01/03/2009 ved 12:25

    Kjempe fin!! Og.. Tusen tusen takk for nydelig kort og klistremerker til Synne på bursdagen! Du er utrolig god tvers igjennom! Synne har fått pulk av mammaen og pappaen til bursdagen, så nå skal vi på skitur. I morgen kommer R og V på besøk. Håper dere også tar turen snart! Veldig glad i deg!

  5. 5 christel 04/03/2009 ved 23:35

    Kjempestili veske du har laga!!!:)

  6. 6 line 05/03/2009 ved 19:26

    kjempeflott veske 🙂


Kommenter innlegget




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 155 245 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other subscribers