Forkjøla = sofatid = bloggtid

Eg har vore skikkelig daff siste veka. Var på hyttetur i Hemsedal då forkjølelsen kom snikande, og for kvar dag har eg blitt meir og meir sylta. Ergo har eg ikkje kunna gå på jobb, ergo har eg ikkje orka å pusle med kjekke ting på hobbyrommet, ergo har eg holdt sofaen og sett mykje kjedelige program på TV. Med erfaringar frå helsevesenet veit eg at forkjølelse ikkje er noko å syte over, det er ufarleg og det går over. Men eg må seie at eg trivast dårleg som sofaslitar! HELDIGVIS har vi internett, heldigvis har vi pc og heldigvis er det masse kjekt å sjå og lese på verdsveven. Det får tida til å gå mens eg tørkar snørr og drikk varm eplejuice med kanel, knaskar pinex og gler meg til våren.

Eg har forresten lagt ut ein liten kjole i min lille butikk, dersom du har lyst å sjå.

Under ser du eit nåleetui eg har tenkt å gje vekk til S som kjem på besøk i dag. Håpar eg ikkje smittar deg! Ho har fått strikkepinneetui i samme stoff, så då fann eg ut at dette måtte gjevast til ho. Mønsteret er eigenkomponert, med papp og vatt og slikt, så det går an å ha det med seg i lag med feks. strikketøyet utan å vere redd for at nålene forsvinn eller kjem stikkande ut. Enkelt og smart. Og viss du lurer på kvifor det står K*L*E*M på merkelappen, så står det for Kristine Lagde dette Eigenhendig Med glede.

Nåleetui rosaknapp

Nåleetui innside

Advertisements

2 Responses to “Forkjøla = sofatid = bloggtid”


  1. 1 M 22/02/2009 ved 12:46

    Hei 🙂 eg fekk adressa til bloggen din frå ein kollega av deg som er ei venninne av meg 🙂
    jammen er du kreativ :o) har lest heile bloggen din 🙂
    håpe du har ein fin fastelaven 🙂
    Klem :o)

  2. 2 Sissel 25/02/2009 ved 15:11

    Takk for det fine nåleetuiet! 🙂 Kjekt med matchande hobbyting! Og eg har heldigvis ikkje blitt smitta. Håpar du er betre no! Likte veldig godt dei nye KLEM-lappane dine.

    Ha ei fine veke! Og god tur nordover til helga!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: