Restegarn

Strikkakjole grå

Eg har ei fin samling restegarn. No forsøker eg å få den til å minke, for det er så mykje fint, nytt garn eg kan tenke meg å få fingrane i. Og då må det jo gjerast plass, ikkje sant? Kjolen over er strikka av lammeull, og den er lett og mjuk og laga i str. 3 mnd. Var ikkje knappane fine? Dei er litt sånn gammaldags romantiske. Vurderar å pynte kjolen med broderi eller noko, men eigentleg likar eg det enkle best. Kanskje eg ombestemmer meg når eg finn ut kven som blir den heldige eigar?

Babytøflane har eg laga av eit deilig, raudmelert garn som eg faktisk har arva. For eg er så heldig at folk spør om eg vil ha restegarnet deira, og det vil eg jo. Kan sikkert få bruk for det ein vakker dag. Som her, då eg hadde bruk for littegranne garn til eit bittelite strikkeprosjekt. Str. 6-12 mnd.

Oppskriftene er frå Nøstebarnboka, som eg ikkje kan få lovprist nok. ME LIKE!

Strikka babytøflar raudmelert

Advertisements

1 Response to “Restegarn”


  1. 1 marte 24/01/2009 ved 14:47

    nydeleg kjole kristine! eg kan ikkje få sagt det nok ganga; du slutta aldri å imponere! kan elles informere om at eg har brukt julegåva flittig etter at eg kom tilbake til byen. mil gracias


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: