Heimestrikka jakke

Heldige meg har ei svigermor som likar å strikke. Då ho las dette blogginnlegget mitt for ei stund sidan, fann ho ut at ho ville strikke ei jakke som likna på den eg ønska meg. Det resulterte i ei kjempefin julegåve! Knappane har eg valt ut sjølv, dei er av tre og har «snurrar» prega inn i materialet. Fargen fall i smak og jakka er varm og god. Tusen takk! Eg set veldig stor pris på heimelaga gåver, og veit at det ligg mykje arbeid og omtanke bak akkurat denne.

Strikka grøn jakke

Advertisements

4 Responses to “Heimestrikka jakke”


  1. 1 Hedda 11/01/2009 ved 23:35

    Kjempefin jakke! Veit du kvar ho har funne mønsteret? Eg held på med «originalen», men anar ikkje korleis den blir. Er redd den blir for stor eller for lita…

  2. 2 Svigermor 12/01/2009 ved 21:40

    Til Hedda;Mønstret er tatt i frå Garnstudio & Drops Design sine mønster. NR; 105-5, I staden for Muskatgarn brukte eg Smart- ullgarn, og der det var strikka perlestrikk, strikka eg vanleg riller!
    Lykke til! Helsing den strikkande svigermora!

  3. 3 Hedda 13/01/2009 ved 21:25

    Supert, takk! Ser for meg at denne kan vere eit alternativ om den eg held på med altså ikkje skulle passe…

  4. 4 Åse Marit 16/01/2009 ved 20:14

    Kjempefiiin jakke! Så flink og snill svigermor:-) Og fargen var jo heilt super.
    Hadde «matvraket» (han lille skjønne som fekk matvraksmikka di til jul) på besøk her om dagen og gåva fall i smak den..i alle fall hos foreldra:)

    God helg til deg!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: