Vår nye heim

Peishylla

No har julefreden endeleg nådd meg og. Har fri nokre dagar, og skal slappe av og treffe vennar og familie. Det skal bli godt. Og eg har fått så masse fine julegåver! I ettermiddag fekk eg dessutan skikkelig julemiddag hos mamma og pappa, og no i kveld er eg heime åleine i det nye huset og høyrer på julemusikk og gler meg til å legge meg og sove lenge…Men først tenkte eg å vise fram nokre bilete frå vår julepynta nye heim. Her kan du sjå stova frå ulike vinklar, bileta talar vel for seg sjølve. Eg tillet meg sjølv å vere litt meir «nipsete» når det er jul, og er blitt veldig glad i raude detaljar. Håpar du nyt jula!

Stova m julestjerna

Hylle m lys

Vitrineskapet

Sofakroken

Juletre

 

PS: juletreet har mannen henta sjølv i skogen der vi budde før. Litt skakt, men likevel fint syns eg. Håpar det vil drysse mindre enn fjorårets eksemplar…

Advertisements

1 Response to “Vår nye heim”


  1. 1 Åse Marit 28/12/2008 ved 14:03

    Så kjekt å sjå bilder frå den nye heimen! Ser ut som dokke har fått det riktig så fint:-) Kjekt å nipse litt ekstra i juletider, men kjenner at eg gler meg til å plukke det vekk også, litt rar sånn eg. Fortsatt god romjul!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: