God jul!!!

Lyslykt petrol 15x15

Ei lita julehelsing frå meg til deg, fordi eg set pris på deg som lesar av bloggen min. Kanskje er du innom ofte, kanskje har du nettopp klikka deg inn for å sjå kven eg er og kva eg har å meddele. Det er mogeleg at du finn utspela mine mindre interessante, eller kanskje du ein eller annan gong har funne inspirasjon nettopp her. Alle lesarar er velkomne, kjende og ukjende, unge og gamle. Og du treng ikkje lenger føle deg som ein snik om du er ofte innom utan å legge att kommentarar – eg er slik eg også…Eg lovar trufaste lesarar å kome sterkare tilbake med meir kreative innlegg etter nyttår. No er det nye hobbyrommet snart fiks ferdig!

Håpar du får ei deilig jul og at du får dele den med dei du er glad i. Sjølv skal eg jobbe på julekvelden, så send gjerne nokre glade tankar slik at vi får ein roleg kveld på avdelinga. God jul!

Advertisements

3 Responses to “God jul!!!”


  1. 1 Åse Marit 22/12/2008 ved 16:31

    Kjenner meg igjen med tanke på lengsel etter ferdig hobbyrom. Vi (dvs.min gode flinke mann) har mala to strøk og så tek vi oppussingsfri til 2009 og då skal golvet leggast. Har sett meg ut ei kjøkkenbenkplate-liknande sak påbiltema som skalmonterast langs heile den eine veggen..jippi!!

    Håper på å få sjå korleis du får det i den nye heimen etter kvart:-)

    Riktig god jul til deg!

  2. 2 Heidi V 23/12/2008 ved 17:55

    God jul til deg og! Og god vakt i morgon kveld. Er på jobb no, og ettersom eg har tid til å skrive litt her, så skjønner du at det er rimeleg julefredeleg her. Tenkte eg skulle vere ikkje-snik i dag og legge igjen ein liten kommentar… Tippar det nye hobbyrommet blir kjempebra!
    Juleklem!

  3. 3 Heidi 24/12/2008 ved 14:33

    God jul Kristine! Håpar det går fint på jobb idag. 🙂 Gler meg til dokke kjem om nokre dagar. Her er jula godt igong og ribbene står på kok. Men julestemninga har ikkje heilt funne fram til meg enno. Men håpar den kjem sigande etterkvart. Vi snakkast 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: