På plass i nytt hus

Juleengel

Denne helga har det vore mykje besøk innom vår nye heim. Folk som vil inspisere no når vi så smått er komne i orden. Det er koseleg. Tinga våre begynner å få nye faste plassar, og veggane som hadde kjip farge har fått fargar som er meir oss. Julepynt har vi fått fram, og to stjerner skin i stoveglasa, så her er i grunnen blitt ganske triveleg.

I kveld har eg forsøkt å få oversikt over det som skal sendast med posten. Eg er veldig glad for at eg fekk laga ein del julekort før vi flytta, for hobbyrommet mitt er fortsatt under oppussing, og alle hobbysakene er fortsatt i kassar. Abstinensane begynner å melde sin ankomst, men eg må vel berre fortrenge dei til eg får ting på stell. Under ser du juletrepynt eg lagde i fjor. Gamle sandkakeformer med glansbilete og silkeband.

img_0395

    img_0396

 

PS: Er det nokon der ute som har gode forslag til nytt navn på denne bloggen? Sidan eg har flytta frå Lia er det på tide å kalle den noko nytt. Kreativiteten boblar ikkje akkurat over på navnefronten, så alle forslag blir mottatt med takk!

Advertisements

3 Responses to “På plass i nytt hus”


  1. 1 andreas 15/12/2008 ved 19:31

    Grattis med nytt tak over hovudet! Eg stemmer for Bjarne, for bloggen altså. Bjarne Blogg.

  2. 2 Kristine 17/12/2008 ved 20:26

    Hehe…Bjarne Blogg. Ja, kvifor ikkje? Trur likevel eg vel å vente på fleire forslag før eg bestemmer meg. Viktig å gje fleire ein sjanse til å bli høyrde. Eller…? 🙂

  3. 3 anjahsh 19/12/2008 ved 17:03

    Kanskje Livets skaperglede, eller noe sånt.
    Livets farger…Livets musikk osv.
    Bare en liten tanke når jeg leser ting som gjør deg glad


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: