Forandre verda?

Eg har ei ung, bloggskrivande svigerinne. Ho er ei grådig bra jente. No har ho skrive eit veldig fint innlegg på bloggen sin som eg vil oppmode alle til å ta seg tid til å lese. Ho har nokre fine og viktige poeng som kan vere verd å tenke gjennom i desse førjulstider. Du finn ho her.

Jenta på bildet traff eg på i Sør Amerika for to år sidan. Ho selde Cola til turistar som gjekk på stien ved huset der ho budde. Eg veit ikkje om ho hadde det bra eller ei, men ho sat iallefall åleine ute i ein vegkant store delar av dagen og håpte på å få tene nokre kroner. Det finst mange slike som henne, og ikkje minst finst det fleire som har det kjipt på grunn av krig og svolt. Kanskje klarar vi å bruke nokre kroner mindre på julehandelen i år, og heller gje litt pengar til nokon som treng det sårt?

ecuadorjente

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det blir lite kreativ blogging om dagen. Av to grunnar. Det eine er fordi eg ikkje vil vise fram alle julegåvene eg lagar før dei er gitt vekk, eg planlegg heller å ha eit svært julegåveinnlegg i romjula. Grunn nummer to er at vi er på flyttefot og har det travelt om dagen. Hobbysakene er pakka ned og vil ikkje få førsteprioritet når vi skal komme i orden i huset. Men åh, som eg gler meg til å sette i gang!

(For dei oppvakte så vil eg legge til at «ja, eg veit at eg har TO unge, bloggskrivande svigerinner. Men i dag var det Heidi som stakk av med merksemda» 🙂

Advertisements

2 Responses to “Forandre verda?”


  1. 1 Sissel 02/12/2008 ved 12:57

    Sant nok Kristine!:) Godt du oppfordrar til å lese innlegget til Heidi, ein treng ei lita påminning no i julestria. Håpar alt går bra med flyttinga! Gledar meg til å sjå ein gong etter nyttår.

  2. 2 Heidi 04/12/2008 ved 18:25

    Oj, så kjekt at du har skrive om og linka til innlegget mitt. Jepp, trur dei fleste folk treng litt påminning no før jul. Det er jo så viktig å tenke på andre også.
    Håper det går fint med flyttinga, og god førjulstid vidare. 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: