Kjære julenissen

Eg har prøvd å vere snill i år. Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er rett og kva som er gale, men eg prøvar så godt eg kan å ta dei vala som er på rett side. Kanskje kunne eg brukt meir tid på andre, og kanskje kunne eg kjøpt mindre tull og tøys til meg sjølv. Eg kunne heilt sikkert brukt mindre pengar på hobbymateriell, men då hadde ikkje livet vore like moro…Eg prøvar å tenke miljøvennleg, og eg har blitt flinkare å ta med handlenett på butikken, gjenbruke stoff, bruke opp restar og kjøpe brukte ting i staden for nye.  Eg skal til og med flytte for å kunne sykle og gå til jobben, så eg kjem ikkje kjem til å forurense på langt nær så mykje i tida framover. Høyrest det greit ut?

Til jul ønskar eg meg miljøvenlege og etisk korrekte gåver. For eksempel gåvekort på bruktbutikk, restaurantbesøk, kinobillettar, massasje/kroppspleie og andre hyggelige opplevingar. Men dersom du har lyst å gje meg noko som kan knipast og klemmast på, og ligge under treet følger ei lita liste (rekkefølga er tilfeldig):

1.Matkoffert frå Blafre. Eg har mest lyst på ein med grøn prinsesse på…Sjå nettbutikken: http://blafre.no/ 

 

2. Termos som aldri skal brukast til noko anna enn varmt vatn. Gjerne 0,7 liter eller større sånn at eg kan dele med mannen som heretter skal drikke pulverkaffi på tur. Denne skal visstnok vere bra, men eg har igrunnen ikkje tenkt å vere ute i kulda i så veeeldig mange timar, så det er nok ikkje så farleg om det ikkje er ein testvinnar.

Bilde av 14615363

3. Fargeblyantar i mange nyansar slik at eg kan fargelegge stempeltrykk med blyant og alkohol. Det er nemleg veldig fint! Det er ikkje så farleg kva slags fargeblyantar det er, men det hadde vore kjekt med litt utvalg på fargefronten. Per i dag har eg 7-8 jumboblyantar i knallfargar…

Her fann eg plutseleg ein fin og «grønn» butikk på nettet: http://webshop.hippo.no/. Ser ikkje bort i frå at det kan vere opptil fleire ønskbare ting i den butikken.

fargeblyant

4. Vedkorg som kan stå ved sidan av vedomnen i det nye huset. Eg har sett ein kjempefin sak på «Ting» som er heilt uaktuell pga den vanvittige prisen, så den får ikkje plass på lista. Det finst nok mange andre fine også, og eg ser ikkje bort i frå at pengar/gåvekort til dette formålet hadde vore veldig trivelig å få. På bildet under ser du ein artig modell laga av resirkulerte bildekk. Ein god idè, pappa?

Vedkurv
5. Lyslykt som kan stå på trappa. For eksempel eit par slike (bilete lånt frå www.bohus.no) :
6. Lenestol som friskar opp i den nye stova (bilete lånt frå www.bohus.no). Denne var jo dritkul, og ganske uoppnåeleg:
7. «Brukt på nytt», bok av forfattaren bak «Nøstebarn», Kathrine Gregersen.
Omtale: Denne boka flyttar fokus frå forbruk til gjenbruk. Her finn du oppskrifter på korleis du kan lage nytt av brukte ting, og gjere nytte av unyttige restar. Boka er inndelt etter materialtype. Har et eige kapittel om lapping og stopping av klede. Har ordforklaring og mønsterark.
Brukt på nytt - Kathrine Gregersen
8. «Fjordamat» av Kari Støfringsdal. Kokebok med tradisjonsmat frå sogn og fjordane. Sidan eg er ei skikkelig bygdekjerring burde denne med andre ord vere obligatorisk i min heim. Dette er visstnok den reviderte utgåva av to tidlegare bøker.
fjordamat
9. Ull/silkesinglet, gjerne lik denne frå Nøstebarn; www.nostebarn.no. Eller ein billegare variant frå spar kjøp. Har nemleg ein slik, og den er hyppig i bruk! Ullkle er generelt ein slager hos meg i den mørke årstida.
ullsinglet
10. Fancy og superpraktisk oppbevaringsveske (gjerne med ekstra plastlommer) til papirhobby, slik som denne frå papirgleder. Eller ei anna stor «trekkspelveske»  med plass til masse papir.

 

11. Heimestrikka ullsokkar. Fordi eg likar å vere varm på beina, fordi eg ikkje lenger har ei bestemor som strikkar sokkar til meg, og fordi eg sjølv ikkje har strikka eit einaste par ullsokkar i voksen storleik. Enno. Eg set veldig pris på heimelaga gåver!

Desse var jo veldig fine, men eg blir like glad om dei er einsfarga grå og heilt enkle. Bildet er frå http://grethe.blogdrive.com/comments?id=112

12. Abonnement på «Rom 1*2*3». Sidan eg skal flytte i nytt hus er det jo veldig kjekt å få idear til korleis eg kan gjere det triveleg rundt meg. Og dette bladet er hakket meir folkeleg og med overkommelege prisforslag enn ein del andre boligblad på marknaden.

rom123

13. Personleg smykke, gjerne slik som dette frå Verkstedet, men med eit anna navn på då…:

 

14. Patchworklinjal som ikkje glir bortover stoffet. Gjerne ein som er så stor som denne, for den eg har (som eigentleg er mamma sin) er litt liten.

Catalogue

…………………………………………………………………………

No har eg nok diverre synda litt når det kjem til opphavsretten til bileta eg har brukt, men eg syns dei var fine og illustrerande og eg håpar dei som eig dei kan sjå i nåde til meg på dette punktet og glede seg over å ha fått fleire besøkande på nettsidene sine.

Advertisements

4 Responses to “Kjære julenissen”


  1. 1 sisselso 08/11/2008 ved 20:15

    For ei herlig liste! Hmm lurer på om jeg må prøve meg på ei liste til nissen jeg og…kan jo ikke skade….:)
    Ha ei fortsatt god helg 🙂

  2. 2 Hedda 09/11/2008 ved 14:48

    Håpar nissen er snill i år:) Eg trur forresten ikkje at eg har gratulert med nytt hus, no gjer eg det: GRATULERER! Så kjekt! Eg skal og prøve å forklare den trekantveska… (Som eg ikkje har dikta heilt sjølv, eg såg sånne på ein butikk, var det kanskje i Helsinki?) Prinsippet er som dei gamle sjokoladepuddingpakkane, og eg klibber ut eitt (eller to, sidan eg har for) langt rektangel. Det første eg gjer er å sy i glidelåsen, på dei to kortsidene, då blir det finast. Så syr eg saman dei to opne endane, men «motsett» veg, slik at veska blir trekanta… Skjønar? Det var ikkje så lett å forklare… Eg «juksa» med foret, og sydde franske saumar, så slapp eg å vrengsy:) Eg prøver gjerne å forklare igjen, om dette var vanskeleg… Men eg har trua på at du fiksar det;) Skal forresten til Førde i helga (sterke krefter meinte eit visst sal på ein viss sportsbutikk var verdt å få med seg…). Kanskje vi snakkast? Kafe? (Versågod for verdas lengste bloggkommentar!)

  3. 3 Åse Marit 10/11/2008 ved 23:40

    Flott liste! Ikkje dumt å lage ei slik liste, mange spør jo kva ein ønsker seg og då er det lurt å ha tenkt gjennom elles synes eg det er vanskeleg å kome på noko. God idè!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: