Meir juleførebuing

Har i fleire år tenkt at eg burde hatt eit eller anna å samle juleposten i. Ikkje fordi eg får så vanvittig mykje julepost, men fordi det eg er glad i juletradisjonar og tenker at det kan vere kjekt å ha ein slik sak som kan takast fram år etter år. Og eg synest julehelsingar fortenar betre behandling enn å bli putta i ei skuff. Så no er eg førebudd, og gler meg til å henge den opp når det nærmar seg jul.

For dei hobbyinteresserte; eg har brukt lin, eit grønt quiltestoff og ein brei blonde eg fann på ein bruktbutikk. Til oppheng har eg slått i maljar frå Ikea. Null foring, berre sydde heile saken dobbelt før eg vrengde og bretta opp lommen foran og sydde langs tre sider. Har nok ein gong brukt skumstempelalfabetet og tekstilmaling. Me love.

Advertisements

4 Responses to “Meir juleførebuing”


  1. 1 Vyan Mica 27/10/2008 ved 16:25

    oi!!! woow!!! Denne var da helt vidunderlig 😀 Elsker juleblått ❤ Og for en koselig tradisjon i heimen ❤ *smelt* Har lyst å sy en selv jeg, men lurer på hvordan du tenker å henge den opp? Med hyssing? eller streng? Annen lur finesse? 😀

  2. 2 Kristine 28/10/2008 ved 02:54

    Så koselig at du likte den! Har tenkt å henge den opp med nåler eller teiknestiftar eller små spikrar gjennom maljane i hjørna. Får sjå kva som passar. Vurderte hyssing og eit oppheng, men trur det blir rart.

  3. 3 Åse Marit 28/10/2008 ved 18:44

    Så koselig julekortpose!! Det var verkeleg ein god idè:-) Nydelig med blonda på!

  4. 4 mimmi 28/10/2008 ved 20:11

    Veldig søt og veldig god tanke! Kjekt å ta ting fram att kvart år!
    Takk for hyggeleg helsing på bloggen, kos at du likte ringane! Kanskje ein vert din!:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: