Oppskrifta på ei god helg

Du tar:

– ein stk kort arbeidsdag fredag, biltur i solskinn med god musikk på anlegget, og kombinerer det med

– besøk ved Norges største syvaresenter. For best resultat; ha god tid. Rykande fersk lønning på konto er heller ikkje dumt.

– bland inn to gamle studieveninner, 1 stk nyfødt, nydelig jente og 3 månaders oppdateringar. Tilsett barnegråt og latter.

-neste trinn består av laurdagsshopping. Først åleine i nokre essensielle butikkar, deretter i godt selskap litt rundt omkring. Det er lov å gje etter for impulsar.

– gløym ikkje å besøke ein koseleg kafe eller to. Take-away kakao og ferske scones inntatt på Torgallmenningen med solbriller på nasa er også et finfint alternativ.

– uten mat og drikke duger helten ikke: lag tapas. Og lag dei fantastisk gode! Tilsett eit glas raudvin og ein spennande film.

– om sola skin søndag: ta ein rusletur på Fløyen. Sjå på folkelivet, le litt av turistane og nyt den gode haustlufta.

– ta telefonen når din kjære ringer og gle deg over kor fornøgd han er med å vere på guttetur, i superver, med hagle og fiskestang og godt selskap.

– til slutt kombinerer du vennetreff med søndagsmiddag hos storebror, tilsetter litt Nintendo wii og sjokolade. Kombinasjonen er utradisjonell, men resultatet storarta.

– det heile vert avrunda med bilturen heim der du syng med på alle sangane du kjenner, tenker gode tankar om helga som har vore, og gler deg til neste Bergenshelg.

TAKKNEMLEGE tankar går til dåkke som var med og gjorde helga mi så bra 🙂

Advertisements

2 Responses to “Oppskrifta på ei god helg”


  1. 1 Nils Magnus 15/09/2008 ved 12:30

    Godt å høyre at du koste deg like mykje som oss. Det var ei knallhelg 🙂 Tapas må gjentakast snarast, for den var svært svært vellukka!

  2. 2 Anna 15/09/2008 ved 16:02

    Kjekt å vera ingrediens.. 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: