Eplekjekk forklekjole

Eg har lenge leita etter eit mønster på ein slik kjole. Synest fasongen er morsom, og så er det kjekt at ein kan vrenge den og bruke den med forstoffet ut. Det næraste eg har kome mønster er ei skisse med forklaring på Ohelene sin blogg. Og etter å ha kikka på skissa og forsøkt å teikne noko liknande på gråpapir, endte eg opp med denne kjolen:

Slettes ikkje verst, om eg må seie det sjølv. Men den kan forbetrast noko. Og så må eg få besøk av ei prøvekanin snart, slik at eg ser om den fungerar på…Storleiken er vel omlag 6-12 mnd, tenker eg. Det raude stoffet med små kvite epler på har vore gardiner hos ein kollega. Eg snudde stoffet feil veg slik at eplene er opp ned. Pytt, pytt. Fôrstoffet har vore duk, også den har eg fått av den samme kollegaen. Ikkje verst kjolestoff, synest no eg.

Advertisements

4 Responses to “Eplekjekk forklekjole”


  1. 1 Hedda 11/09/2008 ved 16:34

    Jobbar du ikkje, du? Eller sit du berre og lagar ting..?

  2. 2 Kristine 11/09/2008 ved 19:09

    Hehe…Det hender eg er på jobb også. Stort sett 4-6 dagar i veka. Men du veit; skapartrangen er stor og då går mykje av fritida med til å produsere. Når ein vel seg kortvarige prosjekt som gir fort resultat kan det sjå ut som produksjonen er voldsom, men det har ikkje tatt av heilt endå. Berre vent til vi nærmar oss jul!

  3. 3 Åse Marit 11/09/2008 ved 21:52

    Kjempesøt kjole! Så flink du er!! Må nok ta meg ein tur innom bloggen der du fann den og sjå på «oppskrifta». Takk for inspirasjonen!

  4. 4 miriam 15/09/2008 ved 14:17

    Hei!
    Koselig blogg du har,og den forkle kjolen ble kjempefin.
    gleder meg til å se mer av det du gjør.
    Ha en fin uke

    Hilsen Miriam


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: