Fargeklatt

Det hender eg syr ting eg treng. Ikkje ofte, men det skjer. Som her, eit tusjpennal. Eg stemplar og fargelegger med tusj, og for å ta vare på stempeltusjane mine fann eg ut at dei burde oppbevarast liggande. Og passelege pennal hadde eg ikkje, så då måtte eg finne på noko lurt. Det endte altså med at eg sydde meg ein miniversjon av strikkepinneetuiet eg har laga fleire variantar av. Og då eg såg kor bra det blei, lagde eg likegodt eit par til sidan det var så gøy å jobbe med desse fargerike stoffa. Potensielle julegåver, kanskje?

Advertisements

3 Responses to “Fargeklatt”


  1. 1 ohelene 07/09/2008 ved 18:52

    Så kult pennal! Slikt har eg lyst på!

  2. 2 Hedda 07/09/2008 ved 21:49

    Ja, du er ikkje så verst flink du heller:) Ser ut som symaskina di får kjørt seg for tida! Og det gir jo fine resultat.

  3. 3 Fivrel 08/09/2008 ved 11:06

    Så flott eit pennal! Har sett slike pinnemapper, og ideen om å transformere til pennehus var knall. Er mykje meir hendig å sjå pennane/fargane slik, i eit trad. pennal må ein jo støtt rote rundt i fem minutt før ein finn den ein skal ha.

    Ein triveleg blogg au, «Ting som gjer meg glad» er som teke ut or mitt eige hovud! 🙂 Fann deg via via via, som byrja i TettInntil. Ha ei herleg septemberveke!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: