Babysøm

Ja her blir det produsert babytekstilar over ein lav sko om dagen. Fått heilt dilla etter at eg fekk oppskriftsbøker. Det er lettare å lage kle enn eg trudde! Og når dei i tillegg er små i størrelsen går det relativt raskt å lage noko ferdig. 

Bukse str 68 i stretch-babycordfløyel (!), laga av ei bukse eg sjølv har hatt. Gjenbruk! Sydde på ei lomme på sida. Veldig nyttig…

Tre nye, fargerike motorikkballar/sjongleringskuber/nåleputer/skulle-hatt-eit-betre-navn-ting. 4 x 4 x 4 cm, og einsfarga på eine halvdelen. Desse har eg fylt med opprekksgarn, som har vist seg å vere eit fint fyllmateriale. Passe tungt, passe mjukt. Så der lærte du det.

Og så har eg laga nokre smekker. Fann fram nokre stoff eg synest er litt festlege. Dei kjem nok ikkje til sin fulle rett på desse bileta, men men. Og så har eg tørka støvet av tekstiltusjen i det siste. Likar å leike med bokstavar.

Viss du ser godt etter kan du sjå at det er bilete av hestar med kjerre på stoffet.

Er ikkje dette eit sjarmerande hjertestoff, kanskje?

Dette stoffet skulle eg gjerne hatt meir av, men no er den vesle biten eg hadde allereie oppbrukt. Her er det pastellfargar, prikkar, roser, hus og ei ku som blir mjølka. Eg fekk dessverre ikkje med den delen der det var trykk av eit elegant par som gjekk arm i arm. Kan nokon fortelje meg kva ei dame med kjole og ein mann med flosshatt gjer på eit stoff som elles har motiv frå bondelivet?

Advertisements

5 Responses to “Babysøm”


  1. 1 Den gode feen 02/09/2008 ved 19:50

    Så utruleg mykje fint du har sydd i det siste!!! Kjenner eg vert inspirert, og det er eit kompliment 🙂
    Ha ein fin kveld, mvh Linda

  2. 2 Sissel 03/09/2008 ved 11:09

    Stoffet med kua og kjerringa var meget kjent! Det var trekket som var på gardinene og putene vi hadde i leikarhytta då vi var små. Bringe fram gode minner! 😉 Du er så kreativ Kristine! Her vert det nok lite sying for tida.. men det tek vi att. Dokke må meir enn gjerne kome en tur på besøk til hausten forresten! 🙂

  3. 3 Åse Marit 03/09/2008 ved 22:49

    Veldig flotte barneklede altså!! Spørs om eg må gå til anskaffelse av den boka du nevnte her..:-) Får veldig lyst å prøve når eg ser kva du tryller fram.

    Takk for sparket bak på bloggen min, trengte det verkeleg:-) Beklager dvalen og er i gang med å kome sterkere tilbake!

  4. 4 Titom 04/09/2008 ved 18:01

    Så flotte ting du lager. Har en symaskin stående kanskje jeg skal ta den frem.

  5. 5 Cecilie 15/04/2009 ved 18:20

    Ramlet tilfeldigvis innom her. Så utrolig mye flott du har laget. Digger de smekkene 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,337 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: