Tunikakjoleforkletopp

Jadda, eg har skifta design på bloggen igjen…Klarar ikkje å bestemme meg!

Nokon oppmoda meg om å skrive oftare på bloggen, og eg nyttar høvet no når eg har rolege nattevakter på jobb. Nye innlegg kvar dag kan eg ikkje love, men akkurat no har eg litt saker og ting på lager som eg gjerne kan meddele. For eksempel denne kreasjonen eg har sydd i hop etter prøve-og-feile-metoden. Syns det gjekk nokså bra. Takk til B for at eg fekk lov å bruke tunikaen din som inspirasjon! Dette blei jo ein topp i ein annan stil, men stroppane og ryggen er i samme bane som den du har (som eg gløymde å ta bilde av…) Men eg klarte no å bruke ideane på eit vis.

På magen har eg brodert (puh…eg likar ikkje å brodere!) teksten «Hjertet har en egen forstand som ikke forstanden forstår». Når det kjem til å finne tekst eg kan bruke i hobbysamanheng er eg alt anna enn kreativ. Men dette er eit sitat eg har likt lenge, så då eg kom over det i jakta på passande tekst, blei det eit naturleg val. 

Ryggen er det mest interessante med denne toppen. Den er i litt sånn gammaldags sjukepleiaruniformstil. Festlig og litt rar. Men eg måtte berre prøve. 

Stoffet eg har brukt er frå mamma sitt gamle lager. Eit tynt, melert bomullsstoff som har fint fall. Kanten nederst er eit restestoff eg fekk frå svigermor. Maljane er også frå mamma sitt utømmelege lager av «ting-som-ein-gong-kan-brukast». Ergo, eg har laga noko nytt til klesskapet utan å bruke ei krone! Syns i grunnen fasongen blei temmeleg bra til å vere fullstendig sjølvkomponert. Og det tok ikkje så lang tid heller. Kanskje eg skal sy meir til meg sjølv, og ikkje berre sy søte, små ting som eg gir vekk?

Advertisements

4 Responses to “Tunikakjoleforkletopp”


  1. 1 Sissel 17/08/2008 ved 03:03

    Ditta var ein fine topp! Du overraska stadig med dine kreative evner.
    Her e det nattevaktshelg, og tid til litt bloggkiking. God helg 🙂

  2. 2 Mari 17/08/2008 ved 17:55

    Oi, for en stilig kjole!! Du må jo være kreativiteten selv 🙂

  3. 3 Merete 17/08/2008 ved 20:12

    Heia! 2 nye innlegg sia sist eg var innpå – ditta likar eg!:) Stilig tunika må eg sei! No er eg tilbake til kvardagen etter to flotte veker på vakre vestlandet. Sidan sola skein i heimfylket når vi for i dag tidleg, stoppa vi i kjent stil i kvar ein sving og tok bilete av mykje vakker natur. Kan bli reint patriotisk av mindre:) Men men, kvardag er også veldig bra – no gler egmeg til å begynnepå jobb igjen i morra, og det må vel vere eit godt teikn! Skal følgje nøye med på livet i Lia framover! Klem M

  4. 4 Beate 25/08/2008 ved 22:57

    Imponerende god husk. blei kjempefin! Jeg fikk sydd meg to kjoler når jeg var i Førde jeg og (med god hjelp fra svigermor). Skikkelig gøy, så nå skal du se det blir hobbyblogg fra denne kanten og:).. om tiden strekker til..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: