Bursdagsgåver

Fekk lyst å vise fram noko av det fine eg fekk til bursdagen tidlegare denne månaden.

Ein lysegrøn, prikkete greengatemugge eg sette på ønskelista då eg besøkte tante i vår. Ho får med seg slikt, til mi store glede. Ser for meg at denne fylt med kakao kan gjere ein mørk og kald haustkveld eit par hakk betre.

Var ikkje dette fint vel? Deilige fargar og morsomme elefantar. Eg fekk to slike serveringsbrett og matchande serviettar av R&V som attpåtil kom frå Bergen for å feire bursdagen min. Det gleda mitt hjerte.

Og så fekk eg noko som alltid er kjekt å få…Stæsj som eg kan bruke når eg lagar kort og album. Blomster, brads og band (dei tre B’ane) er noko av det eg brukar mest av, så dette var ei super gåve! Fekk masssse fine papir også, men dei har eg ikkje tatt bilde av.

Og her er 3 sjølvvalde gåver. Betalt for pengar eg fekk til å bruke på noko kjekt. Og sying er jo kjekt! Bend the rules sewing er på engelsk, og den har oppskrifter på enkle ting som går fort å lage, utan at resultatet ser simpelt ut. Tidlegare anbefalt av Hedda, som har samme oppfatning som meg; eit syprosjekt skal helst gi raskt resultat! Har lenge tenkt at eg skulle prøve å sy barnekle, og no har eg jo nokre eg kan sy til så ikkje alt blir liggande på den tidlegare omtalte kistebotnen. Baby cool er ei svensk bok som gir tips til korleis ein kan gjenbruke/sy om eigne kle eller enkelt gjere kjøpte kle meir personlege. Børnetøj 0-3 år er dansk, og viser grunnleggande teknikkar og har mønster til alle kleda. Det likar vi! Har prøvd ut eit par oppskrifter allereie, og resultata dukkar nok opp i bloggen etter kvart.

Advertisements

1 Response to “Bursdagsgåver”


  1. 1 Gekko 21/08/2008 ved 20:47

    Så fine gaver, og hvilken hyggelig blogg! Får jeg komme med et tips för du syr fra bökene? Baby Cools störrelser er enorme! Og Meedoms er også ganske store. Det kan jo väre kjekt å vite tenkte jeg 🙂 Meedom er jo en av mine favoritter. Jeg ble litt nysgjerrig på Bend the rules sewing nå….


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: