Saft suse

Sjå kor deilig saft! Ekte vare, stappfull av antioksidantar og C-vitamin. Og sukker…Ikkje nokon ekkel bismak av splenda eller anna kunstig søting her, nei. Laaangt betre enn kjøpesaft. Og mykje kjekkare å servere! Gløymde å ta bilete då vi silte bæra og fylte flaskene, og no ligg dei i frysaren og ventar på fine anledningar. Men eg har allereie sett ei ny ladning, og den ser slik ut:

Bakebollen min på 17 liter blei litt liten, men eg har ikkje større kar. Så viss dette skal bli ein årviss tradisjon, må eg gå til innkjøp av ein stor balje. For så lenge ein har rikeleg med bær er det ikkje noko problem å lage større mengder vil eg tru. Og det var enklare enn eg trudde.

Som du ser på biletet er det ein god del sukker på botnen av bollen. Det var litt vanskeleg å røre det skikkeleg ut, men eg erfarte med forrige ladning at det blir betre etter nokre dagar. Cognacflaska er fylt med XO blåbærsaft frå Lia. HusmorKris er fornøgd.

Advertisements

0 Responses to “Saft suse”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: