Formingstid

No er eg heime igjen frå ei god veke på Sunnmøre. Vi har vore maks heldige med ferien så langt. Deilig ver, trivelege turar, kjekke folk å vere med, masse god mat…På bildet over ser du Kjerringtinden, sett frå vindauget på hytta til svigers. Legg merke til hjertesnøen!

No nærmar det seg slutten på 4 kjappe ferieveker, og det er i grunnen heilt i orden med litt regnver. For det betyr FORMINGSTID! 🙂 Dei som kjenner meg veit at eg brukar å bli litt rastlaus når eg er vekke heimanifrå ei stund, for strikketøyet dekker som regel ikkje formingsbehova. Difor er det godt at eg har nokre fridagar igjen før eg skal tilbake på jobb. Men eg kosar meg best når eg har gjort noko «fornuftig» først, så i dag har eg støvsugd huset, vaska kle, baka rundstykker, servert lunsj til to stk småbarnsfamiliar, sydd to handlenett, gjort ferdig ein gensar, sett kjekke ting på TV, samt skrive innlegg på bloggen. Det einaste som manglar på lista er ein rusletur, men eg kan vel kanskje skylde på veret? Dei neste dagane syns eg at eg med godt samvet kan la meg rive med dersom skapartrangen kjem over meg.

I mellomtida kan hobbyinteresserte lesarar ta ein kikk på litt av det eg har laga til mannen sitt scrapbookalbum. Han fekk det tidlegare i år, i anledning ein av merkedagane våre. Syns det er vanskeleg å vite kva for ein dag ein skal sette høgast; bli-sammen-dagen, forlovelsesdagen eller bryllaupsdagen. Alle er viktige, men ein kan jo ikkje drive og feire alt mulig. Eigentleg syns eg vel det er det vi gjer i kvardagen som er viktigast. Det er jo tross alt kvardagar det er flest av. Då kan det vere kjekt å ha eit album som kan bringe fram gode minner frå store og små hendingar.

Advertisements

4 Responses to “Formingstid”


  1. 1 Åse Marit 18/07/2008 ved 10:36

    Fine scrapbookingsider! Har hatt plana om eit slikt album sjølv, men får ta det på sikt..

    Skal sei du er effektiv! Litt av ei liste med fornuftige ting du hadde klart å gjort på ein dag!! No kan du verkeleg nyte kreative dagar med god samvittighet. Kos deg masse! Gler meg til å sjå kva du tryller fram:-)

  2. 2 Inger Lise 22/07/2008 ved 15:48

    Oppskrift på rå blåbærsaft!
    3 kg.bær
    3 liter vatn
    5-6 kg.sukker
    50 gr.vinsyre/sitronsyre
    Bland UKNUSTE bær, vatn, sukker og vinsyre i eit stort kar.
    Rør om til sukkeret er oppløyst. Lat dette stå kaldt(kjølerom ) i 14 dg.,rørast om ein gong pr.dag.
    Silast opp, uten å presse/knuse bæra, haast på reine flasker.
    Lykke til!

  3. 3 H 30/07/2008 ved 20:16

    Ein augneblink tykte eg det stod formeiringstid. 😉

  4. 4 Sissel 01/08/2008 ved 11:43

    Den blåbærsaftoppskrifta er det faktisk eg som har skaffa 🙂 Ikkje kvar dag eg kan skryte på meg noko slikt 😉

    Ville berre nytte høvet her på bloggen til å gratulere deg så mykje med dagen! 😀 Håpar du nyt fineveiret og ferien elles! Klem


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: