Nattevaktsblogging

Nok ein gong avslører eg meg sjølv…Rolege nattevakter innbyr til både blogglesing og -skriving. Og i løpet av ei nattevaktshelg blir det som regel litt tid til både det eine og det andre. Ein ting eg fekk lyst å dele med fleire (etter å ha lest i bloggen til Andreas), er den gode, gamle kroneautomaten. No riktignok i elektronisk format, men fortsatt sjarmerande. Til tross for at eg er motstandar av speleautomatar, vekker denne gode minne. Dessutan var det ein finfin, simpel nattevaktsaktivitet. Om du vil spele, kan du gjere det her.

Kroneautomat

 Og til dei av mine lesarar som kikkar innom fordi dette eigentleg skulle vere ein hobbyblogg; stay tuned for more happy days…Eg har ikkje hatt tid til noko særleg kreativ aktivitet i det siste, men etter nattevaktshelga (og ikkje minst tradisjonsbakstkvelden eg skal ha mandag i lag med Fia og M!) blir det forhåpentlegvis rom for litt symaskintid. Eg går med masse idear, og bloggsurfinga gir stadig input i idèbanken. Skulle gjerne sydd fleire vesker, kanskje ein kjole/tunika til meg sjølv, smekker, koseklutar, toalettmapper…Dessutan skal eg på kortkveld med jobbgjengen i løpet av veka, og sjølv om det ikkje brukar å resultere i meir enn toppen to kort, så pleier eg å få ein oppsving på kortlagingsfronten i etterkant av slike kveldar. I mellomtida må eg nøye meg med litt nattevaktsstrikking. På pinnane har eg ein nyleg påbegynt rullegenser frå boka Nøstebarn. Går for størrelse to år, for då har eg goood tid til å bli ferdig før mine eventuelle mottakarar skulle finne på å bli for store.

Og vips så har eg teikna eit nytt abonnement på bladet Kreative Kvinner. Eg har ein farleg tendens til å bestille saker og ting når eg jobbar om natta og synest eg fortenar både det eine og det andre…Dette infallet gjer heldigvis ikkje noko stort innhogg i økonomien. No gler eg meg til å få inspirasjon i bladformat igjen!

 

Advertisements

3 Responses to “Nattevaktsblogging”


  1. 1 Hedda 15/06/2008 ved 11:43

    Eg veit ikkje om eg kan vere til så mykjer hjelp på klessyingsfronten. Eg gjer det enten berre sånn som det står, eller så prøver (og feilar!) eg… Det går stort sett sånn nogenlunde bra, du klarar deg sikkert finfint! (Det er sjølvsagt berre å spørre om det er noko du trur eg kan hjelpe med.)

  2. 2 fru Dings 18/06/2008 ved 22:56

    Hei 🙂 likar meg inne på bloggen din 🙂 du er kreativ og flink!! ekstra kjekt å lesa nynorsk!! stå på!! klem frå fru dings

  3. 3 Nils Magnus 21/07/2008 ved 15:36

    Hei søss! Må sei eg digga automaten 🙂 Hehe…Det er madammen som pleier bli hekta på flash-spel, men den der likte eg. Den som laga det, må ha brukt ei god stund på å få det såpass autentisk. Det er jo minst like vanskeleg også 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: