Pakke i posten!

Tirsdag fekk eg ein stor konvolutt i posten. Den hadde reist heile vegen frå Danmark for å havne i mi postkasse og gjere meg glad! Inni var premien eg hadde venta frå konkurransen til Sarah; eit kjempefint kengurustempel eg ser for meg at eg kjem til å bruke masse. Her har eg forsøkt å fargelegge med vannmaling, med eit nokså diskutabelt utfall…

Snille Sarah hadde også sendt meg nokre fargerike papirblomster og ein bunke med stempelavtrykk! Ein riktig skatt for stempelentusiastar som meg. Sjå dei fine motiva -dei er ikkje er lette å få tak i. Eg gledar meg til å fargelegge og lage kort av dei!

Prikken over i’en var eit kort ho har laga sjølv. Eg er kjempefan av Sarah sine kort, og dette skal få henge på kjøleskapet lenge…Tusen takk, Sarah! You made my day 🙂 Eg beklagar dei dårlege blitzbildene, men eg har ikkje fått tatt bilder på dagtid…

Advertisements

1 Response to “Pakke i posten!”


  1. 1 Åse Marit 05/06/2008 ved 23:23

    Veldig skjønt kengerustempel og flotte avtrykk! Dei Magnolia- figurane er berre kjempefine..Fekk lyst å lage kort igjen, gjorde det mykje før, men no blir det mest scrapbooking. Spørs om det blir ein kortrunde på meg..når regnet kjem:-)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,971 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: