Bryllupshelg

Så var vi heime igjen etter ei deilig langhelg på farten. Har vore på tantebesøk på østlandet og i bryllup på sørlandet. Veldig koselig alt sammen. Tenkte eg skulle vise noko av det eg har sysla med før bryllupet. Eg fekk i oppdrag å lage bordkort til ca 90 gjestar, og tok utgangspunkt i ei herlig teikning som er laga til brudeparet av ein kreativ venn (som snart debuterer som barnebokforfattar). Denne teikninga gjekk igjen i invitasjonar og sanghefte. Det var ingen sak å lage bordkort med eit slikt herlig bilde å gå ut ifrå!

Og så må det jo nevnast at eg er veldig glad i gaver. Sjølvsagt er det kjekt å FÅ gaver, men eg har nok eit over gjennomsnittleg godt forhold til det å skulle pønske ut, pakke inn og gje vekk gaver. Til eit bryllup blir det jo oftast at ein kjøper noko som står på ønskelista, men elles synest eg det er ei spennande utfordring å prøve å finne noko som eg trur kjem til nytte og glede for mottakaren (Om eg treff blink får bli opp til andre å vurdere…). Det endar ofte med at eg lagar noko og kjøper ei gave i tillegg. Gjerne noko som komplementerer den heimelaga delen av gava. Denne gongen blei det gjort i motsett rekkefølge; eg kjøpte kjøkkenutstyr som brudeparet ønska seg, og lagde grytelappar som eg tør påstå vil matche deira stil. Gløymde å ta bilde av dei før eg pakka inn, men slik blei det altså sjåande ut etter eg hadde tatt gråpapiret fatt. Eg synest gråpapir er kraftig undervurdert. Eg brukar heller pengane på band og anna pynt. Det er også i tråd med gjenbrukstankegangen, for det er lettare å bruke om igjen band enn papir! Så fekk eg spreidd litt miljøtankegang i dag også. Kortet er også sjølvkomponert. Kjapt og enkelt, og med utradisjonelt fargevalg til eit bryllup. Ha ei fin veke!

 

Advertisements

2 Responses to “Bryllupshelg”


  1. 1 Annette 15/04/2008 ved 09:27

    Wow, så fine kort! Både det du har komponert selv og de med de morsomme tegningene! Innpakninga var det heller ikke noe å si på, stilig!

  2. 2 bruden 15/04/2008 ved 13:24

    Du har helt rett i at grytelappene matcha vår stil. Ufattelig fine syns vi begge to. Innpakkinga var perfekt, glade vi fikk se den og. Deilig å være ferdig med bryllup. Nå fikser vi leilighet med nye ting. Tusen takk for kjempe fin gave!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: