Gleden over nytt materiale

img_0737.jpg

Gjekk forbi ein sybutikk her om dagen. Ein heilt ordinær (les:kjedeleg) butikk som ikkje brukar å fange mi interesse. Det som var spesielt denne dagen var at der stod eit stativ ved inngangen merka med «Kr 30». Slikt trekker meg som ein magnet…Og som somme har forstått er eg ein mester i å kjøpe ting og tang fordi det er billig og sikkert kan brukast til noko, ein eller annan gong. Kjøpte difor like godt 2 slike resteposar. Denne gongen drog eg i land nokre bambushandtak, papirsnorer, treperler, umalte terningar (?), silkeband, knappepins, ja i det heile tatt ei bra mengde varer for 60 kroner. Så får vi sjå kor tid eg skal bruke fangsten i produksjonen min. Det meste kjem til nytte har eg funne ut. Og uansett så har eg kjøpt meg litt glede for 60 kroner. Materialist?

img_0738.jpg

Mannen i huset er også av typen som gledar seg stort over å få noko nytt i hus. Denne gongen har han gått til anskaffing av noko han har sakna lenge. Bassgitar! Eg er sjølv lei meg for at eg ikkje spelar eit einaste instrument, så dette var ei investering eg ikkje kunne seie noko på. Dessuten er det jo veldig kjekt å ha ein blid og fornøgd mann i hus. Om han gjer musikalsk karriere er vel heller tvilsomt, der har han vel hatt si storhetstid. Men eg ser han har stor glede av å hente fram gamle kunstar. Håpar interessa vedvarer! Som de kan sjå har han jo også den estetiske sansen i orden. Han har heldigvis ikkje valt seg ut ein blodraud heavymetal gitar, eller ein lyseblå fjortismagnet, for den saks skuld…Denne er av lyst, lakka tre og er ganske så fin igrunnen.

img_0749.jpg

Denne helga ser eg for meg at det blir rikelig med hobbytid. Kanskje eg får laga nokre bærenett? Kanskje eg får avslutta det eg har på strikkepinnane? Kanskje eg får laga eit par sider til eit scapbookalbum? Eller kanskje heilt andre ting. Mulighetane er uendelege, problemet er å klare å bestemme seg for kor eg vil starte…Ønskar dåkke alle ei finfin helg!

 

Advertisements

4 Responses to “Gleden over nytt materiale”


  1. 1 K. 05/04/2008 ved 08:31

    Kva er galt med lyseblå fjortismagnetar om eg tør spørre?

  2. 2 Joachim 05/04/2008 ved 18:59

    Et enda viktigere spørsmål er hva som er galt med blodrøde metall-varianter.

  3. 3 Kristine 05/04/2008 ved 22:09

    Hehe. Så det var dette som skulle til for å få dåkke guttane til å legge igjen kommentarar på bloggen altså. Tydelig at eg klarte å trakke nokon på tærne. Mission completed 🙂

  4. 4 Annette 06/04/2008 ved 09:00

    Hehe, gitaren var kjempefin den:)
    Så gøy med slike små «forundringspakker», masse som kan brukes til noe der ja! Alt kan vel brukes, er man kreativ nok!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,337 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: