Ut på tur

img_0628.jpg

Mi gode venninne B skal gifte seg til våren, og slikt går jo ikkje ubemerka hen. I helga hadde vi fest for ho, og då blei det tur østover for meg. I desse klimatider valde eg å reise kollektivt, også fordi det var det billigaste. Eg har no erfart at 8 timar på buss faktisk ikkje er så verst når ein har med seg lydbok og strikketøy, og at ei helg i utdrikkingslag gjer det overraskande lett å sove på nattbussen heim. Det var ei kjempebra helg, med passe masse program, mykje sosialt samvær, hyttekos, drilling, quiz og god mat og drikke. Bildet over er frå lunsjen lørdag. Mmmm…Om du kikkar i strikkesakene mine kan du sjå kva brura fekk i gåve frå meg. Bakgrunn: Ho hadde ein tendens til å bruke mine tøflar då vi budde i lag i Bergen. Fann eg dei ikkje, var dei ganske sikkert havna under senga hennar 🙂

Som vanleg når eg kjem heim etter å ha vore på tur, enten det er snakk om dagar eller veker, så meldte skapartrangen seg på mandag. Det resulterte  i eit par grytelappar i ull.

img_0701.jpg

 

 

img_0703.jpg

 

 

Advertisements

2 Responses to “Ut på tur”


  1. 1 Merete 13/03/2008 ved 22:21

    Stilige!! Ka kosta desse gryteklutane?! Eg kan finne på å legge inn bud..! Er kjekt å følge med på kreativekris på dinne sida. No er det snart påskeferie – gler meg! Skal du vere heime? Kanskje vi får til ein kaffi eller litt vin:)

  2. 2 Kristine 13/03/2008 ved 22:31

    Det e berre å by, dei ligg i skapet for upcoming bursdagar eller dersom nokon skulle vere interesserte i ein liten handel. Det blir jo ein del overskuddsprodukt etter kvart…
    Påskeferie her også! Tenke seg til at ein turnusarbeidar skulle få ei veke fri i påska. Blir Sunnmørstur på meg, før jobbing i sjølve påskehelga. Men kanskje vi sjåast!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: