Vårlengsel

Påskeliljer

img_0570.jpg

 Lengselen etter vår fekk meg til å kjøpe desse påskeliljene i helga. Det tok ikkje lange tida før den første blomsten spratt ut etter å ha komt i hus. Dei skal vel kanskje stå utendørs, men der er eg redd dei ville frose i hel…Eg har ikkje det minste peiling på blomster og hagestell, og klarar stort sett berre å halde liv i grøne planter, men det er jo kjekt med litt fargar og vårteikn innimellom. Vi får sjå kor lenge dei lever…Pottene har eg forresten kjøpt på ein lokal bruktbutikk for den totale sum av 10 kroner. Slett ikkje verst for temmeleg nye potteskjularar uten eit einaste skår.

I helga fekk eg meg ein rett så sjarmerande gyngestol då eg var på besøk hos farmor. Denne har stått på loftet hennar ei tid, og eg meinte den ikkje kom til sin rett der. Snille farmor syntest eg skulle ta den med meg heim. Den treng riktignok litt rehabilitering før den skal inn i stova, men etter litt pussing og vasking trur eg den blir fin med teppe og pute i. God å sitte i er den og.

Gyngestol
Advertisements

2 Responses to “Vårlengsel”


  1. 1 Virre 28/02/2008 ved 22:23

    Påskeliljer er vårtegn ja, når de dukker opp så er det liksom påske like om hjørnet. Når påska er over skal det jo være vår.
    Hehe…ja, du må bare «stjele» patenten med snorring altså, var ganske fornøyd med meg selv da jeg kom på ideen også 🙂
    Håper du får ei fin helg 🙂

  2. 2 Hobbypiraten 01/03/2008 ved 06:49

    Stillig veske, likte stoffet veldig godt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: