Så var den helga over

Fløysvingane

Har vore ein tur i gamlebyen min Bergen denne helga. Heldige omstendigheter gjorde at eg fekk reise dit tidleg på torsdagen, og uheldige omstendigheter ville ha meg heim att laurdag i staden for søndag. Men eg føler at eg fekk nytta tida godt. Eg kan nevne byvandring i solskinn, småshopping av hobbyvarer, spel og fanteri hos min kjære bror (Nintendo Wee viser at store gutar leikar best),  tur på Fløyen i godver, deilig middag med godt selskap på Zupperia og gjensynsglede med gamle kollegaer i Dyvekes vinkjeller. Men så kom noko som sannsynlegvis er eit harmlaust, men plagsomt virus inn i kroppen min og sette meg litt ut. Vondt i hovud, skulder, kne og tå + mageknip og småkvalme = småsjuk. Og det er ikkje så kjekt å vere gjest når ein ikkje er i form, så difor kom eg altså heim litt tidlegare enn planlagt. I dag er formen på stedet hvil, og no ventar eg på at mannen skal komme heim frå Oslo. Reknar med at gjensynsgleda gjer meg fort frisk og klar for ei ny 6 dagers arbeidsveke.

Om du tek ein kikk i strikkesakene mine til høgre, så finn du bilete av nokre sjarmerande babytøflar eg har klart å sette i hop siste veka.

Advertisements

2 Responses to “Så var den helga over”


  1. 1 Sissel 19/02/2008 ved 09:16

    Det var synd du fekk vere i Bergen så kort denne gongen, vi får ta igjen eit møte neste gong du kjem! Og så må du ha god bedring! Helsar deg med ein slager av ein song; Jan Teigen med «Bli bra igjen» 😉 klem

  2. 2 Kristine 19/02/2008 ved 12:15

    Takk Sissel:) Eg hadde tenkt å høyre med deg om vi skulle treffast søndagen, men det får bli ein anna gong. Vi sjåast vel uansett i påska og det er jo ikkje so lenge til! Klem tilbake


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: