Ditt og datt

Velkomststjerne

Velkommen velkommen! Denne stjerna hadde eg pynta i raudt og hengt opp i gangen før jul, og så syns eg det var litt leit å skulle ta den vekk no etter jula. Difor fann eg fram litt nøytralt band og hang opp ein lapp i midten, og vips, så hadde vi ei velkomststjerne rett innanfor inngangsdøra. Vart i grunnen ganske fornøgd sjølv. Men det er ein viss mann i huset som helst skulle sett den fjerna.»Dillete», var vel hans ord…

Ellers går det ein del i scrapping om dagen. Eg har ein tendens til å gå inn i mi eiga verd når eg først set i gang med bilder, papir og pynt. Kjekt å leike med fargar. Og så er det noko spesielt med foto. Trur eg alltid har vore glad i bilder. Foreviga minner. Dei som kjenner meg veit at det blir knipsa ein del. Og det er jo ekstra kjekt å ta bilder når eg har eit album i sikte og kan tenke motiv ut ifrå scrapbook-idear.

Tantescrap

 Har nokre sy- og strikkeprosjekt på gang som eg gjerne skulle delt med dåkke, men det må vente til eg har gitt dei vekk.  Eg syr på eit leiketeppe til baby, som eg skal gje til godaste AS og R når den vesle kjem til verda (ja, dei veit at eg jobbar med det:). Sjå under linken «sømmelig», så kan du kikke på eit teppe eg lagde for to år sidan. Vanlegvis er eg ikkje typen til å sette i gang med slike langsiktige prosjekt, for eg blir fort utålmodig og må sjå resultat. Men dette berre kosar eg meg med. Det hjelp sjølvsagt at eg har andre småprosjekt på si, slik at eg får «ferdigstilt» noko i ny og ne. Scrappesider for eksempel.

Advertisements

2 Responses to “Ditt og datt”


  1. 1 Inger Lise 04/02/2008 ved 10:26

    Gratulerer med ny blogg! Må seie eg har sakna den (for oss «fosilane» som ikkje er på facebook!) No kan ej følge med ka dokke styre med i Lia !

  2. 2 marte 08/02/2008 ved 15:21

    Då har eg endeleg komt meg inn på krisskross si kreakris-side. Imponert! skal tipse jørn, han e jo so imponert over alt du klara å lage! gleda meg til å få eige hus ein dag og verkeleg «flytte inn», men då e vel faren at jørn syns det blir for mykje dill (j.f. sveinungkommentar:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: