Strikkesaker

Babykjole/tunika av restegarn

Denne er etter mønster frå nøstegarn, men eg har strikka den i alpakka. Veit ikkje kva merke, for eg fekk ein liten pose med restar av ei snill dame.

 Barnegenser med raglanfelling

img_0735.jpg

Eg kan med stolthet seie at dette er den første gensaren eg har strikka (nesten) på eiga hand. Fekk litt hjelp av svigermor til å forstå oppskrifta (frå Nøstebarn) sidan eg aldri har strikka raglan før, men deretter gjekk det i grunnen veldig fint. Det som var dumt var at oppskrifta ikkje sa kor tid eg skulle begynne å felle til halskant, så halsen kom litt høgt oppe…Trur den må brukast med øverste knapp åpen. Er difor litt skeptisk til å gje den vekk slik eg hadde tenkt, men kanskje eg skal legge den på kistebotnen og satse på å få eigne små som kan bruke den med tid og stunder.

 Hjertetøflar

img_0596.jpg

img_0595-1.jpg

Desse er laga etter oppskrift frå www.garnstudio.no . Eg har laga dei i garn med ukjent opphav, funne på loftet. Men det tova fint og størrelsen blei ok. I tillegg har eg hekla kant rundt opninga, og sydd eit filthjerte på vrista.

img_0615.jpg

Her er 3 nye par bootees! Eg kan bekrefte at dei lilla på bildet under passa til mottakaren, og dette inspirerte meg til å lage fleire par. Dei brungule til venstre har eg laga av garn som har lege i maaange år, faktisk sidan eg sjølv var med å farge det med plantefarge då eg gjekk på folkehøgskule. Kjekt å finne noko å bruke det til.

img_0568.jpg

Dei lilla tøflene er strikka i eit litt grovare (restegarn) enn dei rosa. Dei er lett tova i maskin. Dei ser grådig små ut på bildet, men dei er 11 cm og burde vel passe ei lita frøken på opptil 3 mnd?

God kommunikasjon:

Denne veka oppdaga eg forumet på hobbyboden.com. Kvifor har eg ikkje gjort det før? Her kan eg diskutere hobbyrelaterte saker og kikke på andre sine handarbeidssyslar. Det første eg gjorde var å skrive eit innlegg med spørsmål om nokon kjende til ei oppskrift på babytøflar med stropp i ballerinastil. To timar seinare hadde eg fått to svar, der det eine linka til oppskrifta på desse. Den er teken frå bloggen til ei strikkedame i nederland: http://www.saartjeknits.nl/.

Ballerinababy

   Vintersett i babyull

Babysett

Fann fine oppskrifter på www.garnstudio.com.

 Sjølvkomponerte smekker

Smekker

Bomull sjølvsagt. Må jo tåle skikkelig vask :)

One Response to “Strikkesaker”

  1. Skikkelig artige smekker. Er herved inspirert, men spørs om jeg får leve ut inspirasjonen, hektisk osloliv!

Leave a Reply