Sømmelig
Grytelappar sydd av fretexstoff, som truleg er ein ullmix. Det tova iallefall godt og eg tenkte at det måtte vere ideelt for grytelappar. Stripene er sammenlappa restar av bomullsstoff. Gjenbruk + restestoff = bra! Til oppheng har eg slått i ei malje i kvar lapp.
Krabbeteppe laga i jordfargar. Litt utradisjonelt å utelate dei sterke fargane på eit babyteppe, men eg tenkte at det fort blir mykje fargar i heimen når ein får små i huset. Dette kan vere med å roe det litt ned. Mønsteret er blitt til på måfå. Eg likar ikkje å låse meg i avanserte mønster, det skal jo gå fort!
Smekke laga av ein gamal vaskeklut og eit retrostoff frå mamma sitt skattkammer. Om du har godt syn kan du kanskje sjå at det er ein aldri så liten “blingbling” på knappen!
Motorikkballar/sjongleringskuber/nåleputer - eg ser mange bruksområde for desse fargeklattane. Dei er fylte med vatt og har ein liten rispose i kjernen. Det gjer at dei har litt tyngde, så dei blir morsomme å kaste, men samtidig er dei ikkje harde og farlege å få kasta midt i fleisen. Om det skulle skje. At risen er sydd inn i ein pose gjer at ein unngår lekkasjar dersom det skulle gå hol. Greit med tanke på at dei kanskje blir fristande å gnage på for småtroll.

Handlenett av gjenbruksstoff. Praktisk og miljøvennleg. Iallefall når eg hugsar å legge dei tilbake i bilen etter bruk…
Strikkepinnemappe. Dette har vore noko eg har hatt planar om å lage lenge. Den gamle strikkepinneposen vart for upraktisk, og har gjort nytten for seg. No vart det meir system i sakene. Takk til Virre, for at eg fekk stjele patenten med malje for å feste snora!



Tøyveske/mappe/pose. Lagde like godt to nesten like når eg først sette i gang. Klikk på bildene for større format.
BABYTEPPE

Her er eit babyleiketeppe eg lagde då S. vart fødd for to år sidan. Enkel lappeteknikk og naive bilder laga med tekstilmaling og tekstilfargestiftar. Det er vattert med bomullsvatt som, i følge mi quiltemamma, er det einaste som duger når det er snakk om eit slikt teppe.
SOFAPUTER

Desse sofaputene lagde eg då vi kjøpte oss ny sofa. Har brukt photo-transfer papir, som kan strykast på stoff og toler 40 graders vask. Veldig enkelt og veldig personlig. Har ikkje prøvd å vaske dei enno, så tida vil vise korleis dei blir etter å ha blitt brukte ei stund.









Hei på deg, frøken flink til å fikse ting og alltid i stand til å inspirerere vesle alltid wannabee-kreative meg..! Kult med kreativ blogg. Desse putene likte eg (kanskje ikkje uventa) svært godt!! Kvar kjøper du slikt papir? Eg og vil!
Driv forresten på med blurb-bok frå ferien i fjor for tida… Ting tar tid, men fin skal den bli
M.
Kjekt å kunne inspirere
Papiret har eg kjøpt på salg på panduro ein gang eg tenkte at “dette kan eg sikkert lage noko av”, og eg syns det var lett å bruke. Fått tips av ein kollega om at papiret der er mykje betre enn ein type ho kjøpte på ein bokhandel. Men veit at det også går an å kjøpe foto-transfer-papir på nettbutikkar som sel fotopapir. Lykke til! Dette klarar du finfint 
Blurb-bok blir bra. Det er ein del arbeid med layout, særleg når ein har mange bilder og det reknar eg med dåkke har…Men vi vart iallefall veldig fornøgde med vår reisebok. Håpar eg får sjå dåkka ein gong!
Eg har kjøpt sånt papir på Clas Ohlsson. Det funka fint (men vart litt dårlegare i vask, så eg anbefaler det vel kanskje mest til pynt).
Teppe pakka vi opp 3. dag barsel. De som er kjent med den dagen kan sikkert veldig forstå at tårene strømma! Ble super lykkelig! Tusen takk Kris..
Og eg lurer på: kor har du fått merkelappane dine frå?
Dei har eg nettopp fått i posten. Frå eit svensk firma http://www.minanamnband.se/. Veldig fornøgd med resultatet! Men skulle vel kanskje holdt meg til ein type design, sånn at det blir litt merkevare liksom. Min eigen label. Men eg klarte ikkje bestemme meg, og syns det var greit med fleire fargar å velge mellom alt etter kva eg lagar.
Veeldig fine puter i sofaen din altså!! Har kjøpt inn sånt papir, men ikkje kome heilt i gang, så no blei eg inspirert. Herleg krabbeteppe også, likte eigentleg alt her inne..er ganske ny i blogverden, men her inne var det mykje gøy! Kvar kjøper du sånne stofffargestiftar?