Idèoppsamling

Calendarfront

Berre for å gjere det klart med ein gong; det er ikkje eg som har laga denne flotte kalenderen. Men eg skulle ønske det var meg! Ein slik kalender skulle eg gjerne hengt på kjøkkenveggen min. Nattevaktshelg med lite å gjere på jobb betyr mykje blogglesing på meg. Sånt kan vi like. I løpet av runden min har eg henta masse inspirasjon og synest igrunnen det er litt synd at eg må sove når eg kjem heim frå jobb. Bilda her er henta frå I heart linen. Eg er også svak for lin. Det er utruleg fint når ein kombinerer det med fargar.

Buttons

Months

Calendarcloseup

 

Kvardagar er vel ikkje så verst dei heller

Etter ei deilig ferieveke på Kreta var det igrunnen heilt ok å komme heim. Sjølv om eg likar å reise og er veldig glad i å ha fri, så syns eg likevel kvardagane er ganske bra. Borte bra, men heime best? Det er noko med å ha alt det vante rundt seg; å ete den maten ein likar best, å sove i si eiga seng, å, møte dei menneska ein vanlegvis møter, å ha muligheten til å forme når skapartrangen kjem…Eg trur det beste med reiser er at ein set meir pris på dei små tinga i kvardagen i tida etterpå. Så lenge det varer.

Sydenfryden

Om nokon synest det skjer lite paa bloggen for tida, saa har det si naturlege forklaring. Er paa Kreta med familien og lever late dagar. Veret er skiftande, men heilt akseptabelt: brunfargen kjem snikande og vi slepp aa svette for mykje. I kveld tek eg med mannen paa kjaerstemiddag, han har nemleg bursdag. Spennande gaver blir det lite av, men han har det visst ikkje saa verst likevel. 

I heimbygda skjer det tragiske ting, men vi proevar aa ikkje tenke for mykje paa det no naar vi er paa ferie. Haapar sola returnerer til vestlandet samtidig med oss, slik at alle faar ein fin 17.mai!

Aprilgåve

Nok eit strikkepinneetui, denne gongen ei gåve til Sissel som hadde bursdag i april. Håpar du får bruk for det!

Og litt til kort…

Er stadig innom forumet på Hobbyboden og hentar inspirasjon. Denne gangen kasta eg meg på ei utfordring frå Elin, som ville ha oss til å lage “Tag-kort”. Bilda under viser det første eg lagde. Det var så kjekt å lage at eg har laga opptil fleire stykke etterpå. Vil ikkje vise alle for dei skal jo gjevast vekk og viss mottakaren ser kortet her først blir det kanskje mindre spennande?

Og ei utfordring kjem sjeldan åleine, så eg heiv meg på ein aldri så liten konkurranse i tillegg. Sarah er ei dansk jente med ein fantastisk inspirerande blogg. Ta ein kikk på den, så får du i tillegg lest om konkurransen. Her er uansett mitt bidrag:

Det blei eit enkelt kort med Magnolia stempel (takk til V. for lånet), fargelagt med kritt. Knappane har eg hatt liggande ei stund, så det var kjekt at dei endeleg kunne brukast. Klarte ikkje å bestemme meg for tekst, så foreløpig ser det ut til at den uteblir. Håpar “dommaren” godtek dette :)

 

 

Kort i hodet

 

Dei siste dagane har mykje av fritida mi gått med til papirhobby. Torsdag var det kortkveld med jobbgjengen og søndag scrappedag hos AS. Og så blei det litt tilleggsproduksjon heime søndag kveld…Det er ei stund sidan sist eg lagde kort, og med komande konfirmasjonar og bursdagar passa det godt å ta ei økt no. Sidan eg scrappar til gåvealbum kan eg ikkje vise noko av dette her, men eg har lagt til nokre nye kort i kortgalleriet.

 

 

Til ettertanke…

…i desse miljøtider. Eg har jo produsert ein del handlenett i det siste. Riktignok av stoffrestar og gamle gardiner, men eg hadde ikkje tenkt på problemstillinga som blir tatt opp i Aftenbladet. Og der fekk eg endeleg svar på kva ein bør gjere for å finne alternativ til søppelposen.

God helg alle sammen! Eg jobbar, strikkar, syr og scrappar. Det kjem vel eit innlegg med bilder ein dag :)

Siste scrap

To nye sider til mamma og pappa sitt album, i anledning pappa sin bursdag. Påskebilder denne gangen, laga i siste liten, så det vart enkelt og lite ekstra dill. Men det kan vel kanskje vere like greit av og til?

 

 

 

 

Blogg i endring

Som dei trufaste lesarane allereie har skjønt, så likar eg å skifte design på bloggen min i ny og ne. Har endå ikkje funne den ultimate layouten. Har sansen for denne grønne eg aktiverte i dag, for det er så mange fargelause bloggar der ute og eg er i grunnen veldig glad i fargar. Men når ein finn noko ein likar har det ofte ein bakdel. I dette tilfellet heiter bakdelen manglande mulighet til å kategorisere linkane, innlegga og alt anna som ein gjerne vil ha i margen. Så det blir vel ein ny ein med tid og stunder. Enn så lenge skal eg nyte denne boblande grønne saken.

Fotomoro

Fotomoro med lillesøster V. Vi hadde ein knakande kjekk tur i skogen i ettermiddag. Bileta talar vel for seg sjølve…Dette må vi gjenta!