Arkiv for kategorien ‘Barnekle’

Gåve til 2åring

Godaste nevøen har nettopp fylt to år! Og stakkaren fekk mjuk pakke frå tanta i år også. Men etter alt å dømme lir han inga naud når det kjem til leikar og bøker, så enn så lenge er det greit å gje vekk gåver som gledar foreldrene meir enn bursdagsbarnet. Forkle må ein jo ha [...]

Hald fram med å lese »

Fancypants

Ikkje tidenes bildekvalitet her, men eg ville vise fram ei bukse eg lagde for eit par veker sidan. Samme stoff som den hjertelige jentekjolen eg lagde for ei stund sidan, men denne gongen i bukseformat med fugl på rompa. Skikkelig kosebukse dette her! Veldig mjuk og god, og med god ribb i midjen og føtene. [...]

Hald fram med å lese »

Frøken Løken har fått ny bukse

Etter at eg publiserte barnehagehyttetursofakosebuksa for ein månad sidan, fekk eg ei bestilling på ei liknande bukse. Frøken Løken er også barnehagejente, og då treng ein jo kle som er gode å leike i. Mamman ville gjerne ha biltrykk på foten og ribb i midje og fot, men gjerne i grønt eller raudt. Eg gjekk for grønt, då [...]

Hald fram med å lese »

Hjertelig jentekjole

Kjole str 1-2 år sydd av ein bit ny, fin velour eg fann på Fretex. Hjertestoffet kjem frå ein gamal kjole, og hjertet er påsydd ein raud gummihjerteknapp. Eg har øvd meg på å sy ribbkant, og kjolen er difor nokså mjuk og elastisk på alle måtar. Trykknappar på venste skulder gjer den lett å [...]

Hald fram med å lese »

Retrobaby!

Herlig brunt prikkestoff frå gjenbruksbutikken har blitt til ei smal sparkebukse uten fot og armar, str 62. Dette er mitt første forsøk på å bruke ribb istadenfor skråband til å kante elastiske stoff. Og til debut å vere synest eg resultatet blei brukbart. Eg har også lært korleis eg syr knappestolpe som endar i ein [...]

Hald fram med å lese »

Barnehagehyttetursofakosebukse

Eg har ein liten kompis som snart skal begynne i barnehagen. Nyleg var vi på hyttetur ilag og då overrekte eg han ei bukse som er perfekt for hyttekos og blåbærplukking. Eller ivrig barnehageleik, alt etter som. Endeleg har eg actionbilete å vise fram!

Buksa er sydd i supermjuk jersey, klipt ut av ein diiiger poncho som [...]

Hald fram med å lese »

Babytøy

Har prøvd meg på noko nytt. Imponerer stadig meg sjølv med å prøve meg på ting eg aldri før har prøvd. Som å sy omslagsjakker i babystørrelsar. Det er mange nye verdsborgarar på veg rundt meg, så eg har planar om å ha nokre gåver på lur. Eg er ikkje så veldig glad i å [...]

Hald fram med å lese »

Forklekjole blomsterglede

Her har eg laga ein forklekjole med knappelukking på skuldrane. Knappane kan sjølvsagt flyttast, slik at ein kan justere storleiken på kjolen utifrå kor stort barnet er. Desse knappane er litt spesielle, for dei er nemleg laga av gummi:) Var dei ikkje søte? Kjolen er str. 1-2 år og vil vere til sals blandt andre [...]

Hald fram med å lese »

Litt nytt på syfronten

Det har vore lite hobbytid på  meg dei siste vekene, ferie og fint ver er ikkje så verst det heller. Men her kjem eit hobbyrelatert innlegg med noko nytt og noko som eigentleg har blitt liggande upublisert ei stund.

Eg har lenge tenkt å prøve meg på å lage smekker av voksduk, og no har eg endeleg [...]

Hald fram med å lese »

Tralala, vååår….

Ute skin sola og då blir det lite hobbytid. Men du så godt det er å kunne vere ute utan å måtte kle seg med mange lag tjukke klede! Og så kan vi ete frukost på verandaen! Eg kjenner sola gir energi og glede. Men eg har jo hobbyane med meg i tankane heile tida, [...]

Hald fram med å lese »