Ferie!

Då er ferien endeleg her. Har kost meg dei siste dagane, med bl.a. kortlaging, søm og mykje baking. I morgon reiser min kjære og eg på ein aldri så liten langweekend til Købehavn. Gledar meg til å rusle i gatene, kikke i butikkar, gå på kafe, drikke vin, utforske nokre loppemarked og forhåpentligvis sjå sola. [...]

Endeleg…

…litt kreativ blogging. Ledige stunder heime har gått med foran symaskina i det siste. Hobbyinteressene mine svingar stadig, men søm har blitt veldig kjekt etter at eg fekk ei skikkelig symaskin i hus i haust. Det går for det meste i småprosjekt som eg ser resultat av med ein gong. Og sidan eg er glad [...]

Eg har sydd…

Her er eit av handlenetta eg har laga. Har visst gløymt å ta bilde av dei andre, men kanskje dei kjem i eit seinare innlegg. Det lyse stoffet er ei avklipt gardin, som vel kan kallast gjenbruk? Teksten har eg trykt på med skumstempel og tekstilmaling. Enkelt og greit. Størrelsen er omlag som ein vanleg [...]

Aprilgåve

Nok eit strikkepinneetui, denne gongen ei gåve til Sissel som hadde bursdag i april. Håpar du får bruk for det!

Something old, something new

Sjå desse herlege damene eg kom over på bruktbutikken i helga. Var dei ikkje morsomme, kanskje? Eg syntest iallefall at dei var verdt 10 kroner og har plassert dei i kjøkkenhylla. Om nokon kan russisk vil eg gjerne ha ei oversetting på det som står på kona i midten. Vill gjetting får meg til å [...]

Leiketeppe, krabbeteppe, sengeteppe..?

No har pjokken til AS og R komt heim frå sjukehuset og har fått det nye teppet sitt. Då må det jo få ein plass på bloggen. Takk til mamma for god hjelp undervegs. Eg er langt unna hennar nivå når det kjem til quilting, men det er kjekt å leike seg litt med lappar! Og eg syns [...]

Ut på tur

Mi gode venninne B skal gifte seg til våren, og slikt går jo ikkje ubemerka hen. I helga hadde vi fest for ho, og då blei det tur østover for meg. I desse klimatider valde eg å reise kollektivt, også fordi det var det billigaste. Eg har no erfart at 8 timar på buss faktisk ikkje [...]

Nøstebarn

Eg har blitt bitt av strikkebasillen. Har aldri vore nokon voldsom racer på pinnane, men har jo hatt mine småprosjekt, stort sett i form av tøflar, vottar og huer. Det syner igjen i  strikkesakene mine…Men så fekk eg anledning i å kikke i denne boka som ein kollega av meg hadde, og blei heilt forelska. [...]

Retroveske

Her er veske nummer to i år. Samme mønster som sist, funne i Kreative Kvinner. Eg falt for det retroaktige stoffet, og prisen var upåklagelig. Salg på Jysk…Eg likar salg Foret er einsfarga raudt, og i denne veska har eg laga ei lita innerlomme. Kjekt å ha nøklane og mobilen lett tilgjengelig. Eg har også [...]

Tøymappe/pose/veske

…kall det kva du vil. Eg har iallefall funne ein kjekk ting å lage! Det starta med at eg lagde ei slik mappe til toalettsaker til V sin bursdag, og no har det balla på seg. Dette er midt i blinken for meg av den enkle grunn at det er fort gjort å lage, men  likevel [...]